ANNONSE - Tre dagar i Bøfjorden:
Innhaldsrik helg
Fjøs og fotball. Quiz og loppis. Nostalgi på hjul, riding, båtliv, kunst og pubkveld. Dramatisk 250-årsminne. Bøfjordhelga 17.-19. juli har noko for ein kvar smak.
Fredagen
Nyfjøset i Søgarden opnar fredag - med nyaste teknologi på plass. Foring og mjølking skjer automatisk - ja, endatil brunst og kalving er digitalisert!
Om kvelden viser mix-lag frå Bøfjorden og Halsa at fotballen lever også etter VM. Deretter styrer Linda Therese Bøe quizen på Elvanesset.
Laurdagen
Dag to opnar med loppis på Gammelskulen, før gamle kjørety på to og fire hjul inntek området ved Søgarden. Samtidig er det kunst (Inga Dalsegg) og fiskesuppe på Kveldheim. Riding med hest frå Reiten skjer også i området.
Utover dagen foregår alt muleg i Ilabukta. Kafeen på Saga er open. Eli Orset har kunstutstilling. Ungane får Elias-kjøring og andre tilbod. Sjøliv pregar den gamle hamnebyen.
Dagen rundast av med pubkveld på Buakaia.
Søndagen
Siste dag er det samling på Sjøbruksmuseet - først med bacalao og kaffe. Som Dagens Tema viser historielaget 250-årsminnet for Mannbjønnen og meisterjeger Skyttar-Tølløv som skaut rovdyret sommaren 1776. Merk deg: Etterkomarar av både Tølløv og jaktlaget hans deltek på kvar sin måte!
Avslutningsvis er det trekning av måleriet «Urørt» av Eli Orset – etter Bøfjordhelga si store utlodning.