Fjelldag ved Bøfjorden og Bæverfjord oppvekstsenter
Ein finvêrsdag av rang i september !
Turdagen var sett, og målet var Bølia og Stordalsvarden for alle trinn. Som tradisjonen er kvar haust ved oppvekstsenteret, blei alle førskulebarna i begge barnehagane inviterte med.
For ein dag det blei! Glade og fornøgde ansikt, slitne bein og god niste i sekken. Ei felles oppleving som gav både erfaring og læring – gull verdt! Nokon gjekk heilt til Stordalsvarden, nokon tok runden om Bøvardane, og nokon stoppa på Litjbølia. Dei yngste blei pusha og støtta av dei eldste:
– Vil du halde handa mi? Og så gjekk dei vidare saman. Trygt og fint.
Slikt byggjer ein felles minnebank som kan takast fram i både tverrfaglege prosjekt i skulen og i barnehagen. Å sjå at elevane og barnehageungane er stolte over det dei har fått til saman, er rørande.
Friluftsliv i skule og barnehage er viktig. Det fremjar både fysisk og psykisk helse, styrkjer sosiale ferdigheiter og fellesskap, og gir ei djupare forståing og respekt for natur og miljø. Uteaktivitetar gir praktiske og verkelegheitsnære læringsopplevingar som aukar motivasjon, meistring og integrerer fagstoff på tvers av fag. Slike dagar er eit verdifullt bidrag til å utvikle ansvarlege, miljømedvitne og friluftsglade barn og unge – som både får kunnskap om, og tek vare på, naturen 😊