Ungdommer står på rekke med blå søppelposer under en ryddeaksjon ved veien.
Heile tre bordlag hadde 24 rette av 24 mulege. Fortent premie til alle!

Interesse for historia

Ungdom og historie går ypperleg i hop! Kvikke og positive niandeklassingar sette farge på museumsdagen i Bøfjorden.

Publisert

Ein «bøfjorddag» med bedriftsbesøk og lokal historietime er fast årsavslutning for denne gruppa ved Surnadal ungdomsskule. 

På Bøfjorden Sag vart dei orienterte om den allsidige bedrifta, som leverer tilpassa material til alskens ulike byggeformål.

Fornying på museet

Vi møtte elevane på Bøfjorden Sjøbruksmuseum, som no er under restaurering. Nye vindu er på plass, og samlinga har fått mange historiske gåver til opninga av sommarsesongen 2026.

Det gjeld mellom anna ei kiste frå Skrøvset datert 1759, eit piano frå Paris 1861, sanitærsaker frå Åsskard Helselag, hesteutstyr, meierispann frå Meisingset - og ein flott modell av galeasen «Loyal».

Mann holder et innrammet bilde av en isbjørn i et rom med seil, tauverk og maritime gjenstander.
I år er det 250 år sia Mannbjønnen vart skoten etter å ha drepe fem menneske, fortalte museumsleiar Bernt Bøe.

Gjenstandane fortel

Blant gamle gjenstandar som i seg sjøl hadde mykje å «fortelje», fekk gruppene ein kjapp historietime med glimt av steinalder og hollendertid, skutebygging, slofart og sandfrakting. Her var «kjerringkjeft» og ausekar, ostekopp med signingskors og skeiser med tresole.

Eit sjølskrive «clue» på slike dagar er historia om «Mannbjønnen». I år er den særleg aktuell, ettersom det er 250 år sia mordarbjørnen vart skoten - og 100 år sia Bjønnastøtta i Haugaskaret vart reist.

Elever rundt et bord jobber med papirer og bøker i et klasserom.
Topp konsentrasjon ved alle bord under quizen.

Ein tragisk verdensrekord

Denne såkalla «Mannbjønnen» drap 5 menneske i Bøfjord-traktene på 1770-talet: I Trodalen, på Dragset, på Henda, ved Kalset og i Åkvika. Dette gir bygda ein tragisk verdensrekord, ifølgje ekspertane. Tilsvarande har aldri skjedd nokon stad.

Niandeklassingane var glupske etter å høre detaljane om dette, sjøl om historia på ingen måte er barnemat. Gammal overtru vart sitert frå skriftlege kjelder: «De troer, at Mennesker kan omskiftes saa vel til Ulv som til Bjørn ... Saadanne Bjørne kaldes Mandbjørne, og de paastaaer at paa saadanne Bjørne bider ingen Kugler, men kun en Sølvknap».

Tre elever sitter ved et bord med en drikkedispenser i et rom med bilder på veggene.
Desse tre hadde rette svar på alle spørsmåla.

Skyttar-Tølløv og 4x tippoldefar Jo

Da den store bjørneskyttaren Tølløv Folldal i 1776 fekk livet av denne bjørnen, skal det nettopp ha skjedd med ein sølvknapp i børsa. Og at Jo (Joen) Heggem, 4 x-tippoldefar til ein elev og ein lærar i salen, var innhyra av Skyttar-Tølløv til ei av bjørnejaktene det same året, tok dramaet så å seie inn i salen!

Topp «eksamen»!

Med opne sinn og sansar følgde elevane med – om bjørnedramaet og andre delar av historia. Dette gir håp for historielag og alle som vil formidle at «gammeltida» er grunnlaget for livet i dag. Ja – da bordlaga arbeidde med «eksamens-quizen» etter historietimen, scora alle høgt.

Heile tre lag hadde 24 rette svar av 24 mulege! Da vanka det fortent premie – historielaget sin bag som kan brukast til både gymklede og handel, og som er ypperleg reklame for historia vår!

Fire jenter sitter rundt et trebord med papirer i en båthall med båter og utstyr i bakgrunnen.
Og her er quizen ferdig.
Powered by Labrador CMS