17.-19. juli:

Iderike folk med planer for ei ny Bøfjord-helg. Rundt bordet frå venstre Mayse Dønheim Hovde, Arnt Kjetil Bøe, Inge Dønheim, Odd Ragnar Bekken, Ove Åge Grimsmo, Gunnhild Vetleseter Bøe og Terje Endresen.

Bøfjordhelg i år og!

- Sett av tredje helga i juli! seier ein entusiastisk komite i fjordbygda. – Da blir det igjen tre innhaldsrike Bøfjord-dagar!

Publisert

I år er det Bøfjorden Historielag som samordnar arrangementet – med heile bygda i ryggen. Under den opne idemyldringa for nokre dagar sia landa ein på stort sett å følgje mønsteret frå dei seinare åra.

Sjølv om ikkje alle detaljar er på plass, går historielaget ut med ei grovskisse av Bøfjordhelga fredag 17., laurdag 18. og søndag 19. juli.

Tre dagar til ende

Planen er å opne med fotball, pølser og brus på Leikarvollen stadion fredag. Deretter er restauranten Stønt på Elvanesset arena for spennande quiz-konkurranse.

Laurdag blir det loppis på Gammelskulen og full pakke på Bølandet. Ved Kveldheim samlast veterankjørety, der det også er matsalg. Ponnyriding og besøk i det nye Søgards-fjøset står på ønskelista.

Livleg på og ved sjøen

Sentralt ligg Ilabukta med Saga og Coop-en. Her vil Redningsselskapet tilby barneturar med båten «Elias». Anna sjøliv blir det også: Klassiske trebåtar er særleg velkomne, og minst ein kyrkjebåt vil berike miljøet.

Kunstutstillingar, handverk og rebusløp ligg det elles an til å bli. Kaffe og litt attåt får ein kjøpt utover dagen.

Om kvelden er Samvirkekaia møteplass – med servering og trubadurmusikk.

Ei utodning med flotte gevinstar er planlagt til å strekkje seg over storparten av helga.

Dramatisk museumssøndag

Søndagen skjer det på og ved Sjøbruksmuseet. Her er det som elles kvar sommarsøndag kaffe og småsalg heile ettermiddagen.

Dagens Tema den 19. juli er ikkje kva som helst: I år er det nemleg 250 år sia «Mannbjønnen» herja i og rundt Bøfjorden. I ei eller anna form vil han, i alle fall den grusame historia, dukke opp - med eit utsøkt persongalleri!

Dessutan er «Bjønnastøtta» i Haugaskaret 100 år i år . Den vart reist av ungdomslaga i 1926 – da til 150-årsminne «om dei folk bjørnane drap og om den djerve bjørneskyttaren Tølløv Person Folldal». Alt dette blir fletta saman i eit unikt historisk program.

Elles håpar Bøfjorden Historielag å kunne vise nokre av sine mange – enno bortplasserte – klinkabåtar på utstilling attmed museet på avslutningsdagen.

17.-19. juli er altså «Bøfjordhelga 2026». (Ikkje «Elvanesset-dagene», som Driva kallar det i si ferske sommaravis.)

Powered by Labrador CMS