Turtips på Sjøbruksmuseet:

Et sort hvitt bilde av en vei langs sjøkanten
Ilabukta på Bølandet for vel 60 år sia. Frakteskutene «Boy» i bøya og «Hildur» ved Sagkaia. Nede til høgre vraket av den historiske Kristiansunds-dampen «Beta».

Fjurulangs rundt Bøfjorden

Publisert

Søndagens biletforedrag på Bøfjorden Sjøbruksmuseum tek for seg kulturminne, hendingar og terrengnamn langs stranda frå Skrøvsetvika til Bøkleppnausta.

Sett frå båt, som i gamle dagar, finst det mykje interessant på denne strekninga. Mangt er kanskje gått i glømmeboka?

Biletserien fortel mykje om handelsstaden og trafikknutepunktet Skrøvsetvika. Sildnotbruka i Settemsbukta etterlet seg mange minne – også tragiske. Meieriet i Ådalen leverte smør til Newcastle i England.

Settemsørane har 400 års sagbrukshistorie. Kryssing av Bøsundet, med båt i hundrevis av år og med bru sia 1964, set Bølandet i fokus – mest med fiske, båtsbygging og sjøfart.

Her kan ein nyte flott fjordnatur via lerretet. Og om ikkje anna, bør tips om fiskeplassar interessere både fastbuande og turistar!

Diverse gamle fiskeutstyr på gresset ved sjøen i solvær
Maritim friluftskyrkje på den gamle husmannsplassen Bøkleppnausta.

Terrengnamna florerer. Historielaget spør om du veit av Kobben, Rompå, Byttollneset og Slufshammaren? Svar på dette og meir til sit laust!

Og med Ragnhild og Gunnvor på kjøkenet er serveringa i dei beste hender.

En reklame plakat fra Bøfjorden historielag sjøbruksmuseum
Powered by Labrador CMS