Musikkorpset Blæst'n

Domen – i Rindal kirke

Musikkorpset Blæst’n var tydeleg svoltne på å spele for publikum da dei torsdag kveld inviterte til konsert i Rindal kirke.

Publisert Sist oppdatert

Den friske starten med «Just a Closer Walk With Thee» i swingande New Orleans-stil, først med klarinetten til Jan Sturla Jensvold som ledande stemme og vidare med solid driv på slagverket frå Magne Lillegård skjerpa publikum; her kjem Blæst’n!

Stilskiftet kom brått: Vi fekk «Vi har ei tulle med øyne blå» og «Ved Rondane» dyktig framført, men ein heilt annan stil.

Krona på verket sette dei med «Domen» som Jan Magne Førde skreiv med tanke på Nidarosdomen. Med koronabegrensa publikumstal gav Rindalskirka skikkeleg dom-klang til Olav Morten Tørsets flygelhorn og resten av korpset! Stort!

Variasjon og breidde preger repertoaret til Blæst’n, og denne kvelden fekk vi smakebitar frå fleire deler av programmet deira.

Publikum fekk også delta. Jan Sturla Jensvold la frå seg klarinetten og tok fram trekkspelet for akkompagnement av allsong to gonger, «Trondheimsnatt» og «Lys og varme.»

Musikkorpset Blæst'n

Blæst’n har full kontroll både på takt og tone, men avslutningsnummeret «The Rap» fekk oss til å tvile – sjølv om Blæst’n hadde rett der også. Elisabeth Vannebos arrangement av Rolf Løvlands «The Rap» var ikkje akkurat vanleg korpstakt, men Blæst’n gjennomførte også den med stil, og vi fekk siste taktene som ekstranummer etter taktfast applaus frå publikum.

Powered by Labrador CMS