Barnas mini-vm

Tuva og Amalie let ikkje mulegheita til å delta på vm gå frå seg.

Feststemning på Nordmarka

Barneskirenn og smilande fjes

Publisert Sist oppdatert

På ein heilt vanleg onsdagskveld i februar var stemninga stor, skigleda enorm og deltakinga absolutt upåklageleg da Barnas mini-VM vart arrangert. Til og med veret var på lag. Ei stor skokk ungar hadde møtt opp for å gå på ski i lag på Nordmarka.

Barnas mini-VM er ein årleg omreisande skikarusell med arrangement i alle skikretsane. Det er løyper i fleire nivå, musikk, lys, maskotar,  og ikkje minst, premiar til alle. Det er ikkje tidtaking, og fokuset er på leik og samhald. I år er det gjort ekstra stas på, slik at alle kan komme i stemning til VM i Granåsen neste vinter.

I anledninga så er VM-maskoten Snedi med på tur. Her var det ikkje spart på noko, sjølv om Sparebanden, maskotane til samarbeidspartneren Sparebank 1 Nordmøre, dukka opp for å halde Snedi og ungane med selskap. 

Sander og Trine tykkjer det er stas med skirenn, og brukar elles å vere med på barn i løypa.
Stemningsrapport frå Nordmarka!!
Selma og Liv Aurora er klare for start.
Her går alle for gull!
Blide langrennsjenter.
Ine deltek i sitt første skirenn!
Spenning før starten går.
Divine er snat 4 år, men ikkje ein fersking på ski.
Daniel og Divine er gler seg til å gå løypa.
Første mann i mål!
Vår, Ingrid og Matilde er ivrige skiløparar.
Sparebanden!
God stemning etter målgang.
Snedi og dei andre maskotane var veldig populære.
Det heile var godt sydd ihop av speaker Torbjørn.
Med så god stemning ute, tok det ei stund før kioskdamene fekk det store rushet.
Powered by Labrador CMS