ANNONSE:

Arkivfoto 2020

Ny sesong for fjellgruppa

Surnadal Pensjonistlag si fjellgruppe startar ny tursesong. Vi møtest på parkeringsplassen nedanfor Øye kyrkje for samkjøring, på utlyst tid. Bur nokon slik til at dette medfører stor omveg, møter dei opp på parkeringsplassen der gåturen startar. Gåturen startar kl 1100 i alle høve.

Turane er av ulik lengde. Dei er spreidd slik at vi får sjå oss om i distriktet vårt.

Kvar tur blir kunngjort i Trollheimsporten og Todalen.no.

Turar før ferien 2021:

11.5. Kvalnesvika. Parkering på Kallset.

18.5. Strengen. Parkering på Vang.

25.5. Åsbøsnyta. Parkering etter nærare avtale.

1.6. Møkkelfjellet. Parkering på Fjærli.

8.6. Fauskåvatnet. Parkering etter avtale.

15.6. Svarrafjellet. Parkering etter avtale.

22.6. Svarthammaren oppi Knyken. Parkering Honnstadkroken.

29.6. Raufjellet. Parkering Resdalen.

Vel møtt til nye, trivelege turar i godt lag!

Tor Asle Brage Kristian

Powered by Labrador CMS