Surnadal kommune melder:
Gratis ferieaktivitet for barn og unge
Den siste veka i sommerferien arrangerer Surnadal Kommune gratis ferieaktivitet for barn og unge som bur eller går på skule i kommunen. Aktivitetene er støtta av Barne-ungdoms- og familiedirektoratet (BUFDIR).
Måndag
Buldring på Trollheimen Klatresenter, for barn på mellomtrinnet. Dei som vil kan også prøve seg på tauklatring, i den 8,5 meter høge klatreveggen.
Tysdag
GoKart-køyring på Halsa Motorsportsenter. Dette er for dei litt eldre, i ungdomsskule- og videregåendealder.
Onsdag
Vikingdag på Åsen, eit arrangement for heile familien. Kom og møt medlemar av Møre frie vikingar, som formidlar og gir deg innsikt i vikingtida.
Her er det plass til mange, så inviter med ein venn eller to! Vi går til og frå Kavlvegen, og avsluttar dagen på Åsen bygdemuseum.
Torsdag
Gratis kino på Surnadal Kulturhus. Her er det ingen påmelding, så om ein vil sjå film er det berre å møte opp. Filmen som visast er Paw Patrol: Dinofilmen.
Kajakkpadling med Kajakkompaniet på Tingvoll, for ungdomstrinnet og videregående. Dette er eit introkurs til kajakkpadling, og ingen erfaring er nødvendig.
Meir informasjon og påmelding her:
https://surnadal.frivilligsentral.no/aktivitet?ferieaktivitet-for-barn-og-unge&Id=17211