Surnadal kommune melder:

Den nye bygdeboka er ferdig!

«Bygdebok for Surnadal», band 6, er ferdig! Det blir bokslepp på Mo skule måndag 22. juni.

Den nye boka omfattar området frå Dalsegga til og med Svean på nordsida av Surna, og i tillegg markagardane på Nordmarka.

Vi ønskjer alle interesserte hjarteleg velkomne på bokslepp! Her vil det bli ein presentasjon av boka og arbeidet med henne. Utan ein formidabel innsats frå frivillige hadde det vore umuleg å laga boka. Vi må derfor også nytte høvet og gjera litt stas på våre dyktige frivillige! 

Det vil vidare bli sett av tid til ein prat om framtida til bygdebokprosjektet. Kommunestyret har kutta alle midlar til vidare bygdebokproduksjon, så band 6 ser ut til å bli siste boka av det nye verket. Vi vil mellom anna stille spørsmålet: Er det muleg å vidareføre prosjektet på andre måtar?

Den nye boka må naturlegvis også feirast med kake og kaffe/te/saft. Etterpå vil det bli mulegheit til å bla i eller å kjøpe boka.

Elles vil det vera muleg å få kjøpt bygdebøker:

·         på biblioteket (kulturhuset)

·         på Ark Surnadal (butikksenteret)

I samband med boksleppet og fram til Surnadal kulturhus stenger for sommaren 10. juli, vil det vera muleg å gjera eit superkupp på bygdebøker: Dei som kjøper det nye band 6, vil i tillegg kunne kjøpe tidlegare band for kr 500,- per stk.  Tilbodet gjeld berre under boklanseringa på Mo skule og i skranken på kulturhuset.

ANNONSE:

Det blir bokslepp av band 6 av "Bygdebok for Surnadal" på Mo skule måndag 22. juni kl. 19.00.

Arr.: Bygdebokprosjektet i Surnadal




Sjå også facebooksida "Bygdebøker for Surnadal"

Powered by Labrador CMS