ANNONSE  - Surnadal kino:

Store kinodagar

Den store kinodagen i Surnadal med to førpremierar – og film av eldre dato i filmklubben.

Kinoane sin høgtidsdag, Den store kinodagen, er den første laurdagen i november kvart år. Og altså i år på den 1. november. Agnet for å få folk på kino er «halv pris». Og er ikkje det tilstrekkeleg for å få napp, bit sikkert mange på kroken når dei hører at Surnadal kino kan freiste med to førpremierar og ein sterk dokumentar.

Både animasjonsfilmen REISEN MOT NORD, basert på eit eventyr av H. C. Andersen, og HVIS INGEN GÅR I FELLA, med Alf Prøysen som åte, har ordinær premiere neste fredag. Siste innslag på kinodagen er TRANGO, ein kinodokumentar om ekstreme norske klatreekspedisjonar i fjellmassivet med same namn.

En scene fra en film, det en mann henger i et tau i fjellet.
Trango

TRANGO vil også bli vist på eit par kvardagar i veka som kjem. Dokumentaren om ekspedisjonane er lovprisa av kritikarane, og NRK klaskar til med seks på terningen og skriv at filmen har «noen vanvittige sekvenser frå fjellveggen som skaper et stort sug i magen og uro i sjela».

Uro i sjela sleit også Bruce Springsteen med etter å ha spelt inn det legendariske dobbeltalbumet «The River». Og det er denne uroa, som til slutt endar med utgivinga av det svært så neddempa «Nebraska»-plata, som blir fanga opp i SPRINGSTEEN: DELIVER ME FROM NOWHERE, med noregspremiere fredag 31. oktober. Om vi konsekvent skal høre på NRK, så trillar dei fire på terningen for det dei kallar er «en severdig film».

Tre animerte dyrefigurer i en film.

Animasjonsfilmen HOPPER OG MURMELDYRETS HEMMELIGHET har ikkje vore vurdert av NRK, men våre (forhåpentlege?) vener av den kunstige intelligente sorten har søkt seg fram til at dette er underhaldande for familiar som likar dyreeventyr. Hopper er ein kyllinghare som må ut i verda, med gode animalske vener, for å finne eit murmeldyr. Men dei er ikkje dei einaste som leitar etter denne mystiske skapningen.

Dei reiser neppe med bil, og det var det heller ikkje mange nordmenn som fekk gjera etter krigen. Men på seinhausten 1960 vart rasjoneringa av bilkjøp oppheva og da ville mange gå til innkjøp av «MENNeskets beste ven» – om dei da klarte å manøvrere seg utanom byråkratiets blindvegar. Men konene var meir ivrige på å prøve ut ei anna nyvinning: charterturar til syden på avbetaling.

SØNNER AV NORGE KJØPER BIL er den niande mest sette norske kinofilmen gjennom tidene og har mange kjente og kjære namn på rollelista. Filmklubben viser denne folkekomedien frå 1962 onsdag 5. november kl. 12.

Meir om filmane finn du på https://surnadal-kulturhus.no

Powered by Labrador CMS