ANNONSE:
Oscar-onsdag?
Det er ei veke til (fjor)årets Oscars blir delt ut. Den største favoritten blir å sjå på Surnadal kino onsdag 11. mars kl. 12.
Kategorien er beste kvinnelege hovudrolle, og Jessie Buckley har raska med seg det som er av andre prisar i vinter for si tolking som Agnes Shakespeare. Jau, det var Agnes som var gift med William og i HAMNET (12 år) får ein oppleve når dei blir stormforelska, opplever familielukke, kunstnarisk utvikling – og personleg tragedie. Filmen tek for seg det som skal bli hans mest kjente stykke, «Hamlet», og enno meir: det store personlege tapet familien opplever samtidig. NRK Filmpolitiet har gjeve sjølve filmen fem på terningen, men Jessie Buckley ser ut til å fortene umulege sju: «Jessie Buckley er filmens store attraksjon, og hun leverer stor skuespillerkunst i en oppslukende hovedrolle. Med kraft frå natur, tro og overtro makter Buckley å gi Agnes en tidvis overspilt og vidunderlig intens menneskelighet».
Sterke kvinner, om enn i ei anna setting, blir også å sjå i islandske EN DAG UTEN KVINNER – ein dokumentar om da kvinnene gjekk til streik ein dag i 1975. 90 prosent av alle kvinnene la ned arbeidet 24. oktober det året for å markere at dei hadde fått nok av det mannsdominerande islandske samfunnet. Så filmen er eit naturleg val til samtidig å markere Den Internasjonale Kvinnedagen og med lokal premiere 8. mars (kl. 17).
Animasjonsfilmen OPERASJON BEVER (6 år) frå Disney/Pixar slepp til på kinoduken frå tysdag av. Den har fått veldig god omtale i utlandet, faktisk som den beste animasjonsfilmen på nærare ti år, medan det er litt meir sprik mellom dei norske kritikarane.
Til helga får MINNER OM HAM (9 år) premiere. Filmen er basert på boka til Colleen Hoover, kanskje mest kjent for «Det ender med oss».
Det endar for SCREAM 7 (15 år) søndag 8. mars kl. 19 – siste sjanse for dei skrekkofile!
Meir om filmane og tider finn du på https://surnadal-kulturhus.no/