Surnadal kulturhus:

Kvinner ror i en liten trebåt på stille vann.
Havfolket.

Nostalgisk på kinoen

På «filmklubb-tida», onsdag 28. januar kl. 12, blir det denne gongen sett opp den nostalgiske og humoristiske hyllesten til HAVFOLKET.

HAVFOLKET er ein heilt ny norsk dokumentar, sett saman av private og offentlege filmskattar frå det siste hundreåret. Filmen viser mest av alt kvardagslivet til dei som har klora seg fast ved vår lange kyststripe. Mellom forteljarane finn vi Halvdan Sivertsen og Trude Drevland. Typisk nok har ikkje hovudstadspressa vist særleg interesse for filmen. Dei som har gjort det, Bergen Tidende og Stavanger Aftenblad, er i alle fall samstemte og trilla ein 5-ar på terningen: «Resultatet er blitt en nostalgisk, til dels humoristisk men også melankolsk hyllest til livet langs kysten», oppsummerer Aftenbladet.

Eldre par vasker hår i metallkar på plen foran trær.
Havfolket.
Kvinne på brygge ser et stort skip seile inn mot kysten
Havfolket.

Freida McFaddens thrillerbok «Hushjelpen» har engasjert mange. No har filmen kome, rett nok utan at filmbyrået har brydd seg med å fornorske tittelen. THE HOUSEMAID (15 år) er av den heimekjære thrillersorten, i same gate som «Hånden som rører vuggen» og liknande filmar frå 1990-talet. Eit ektepar bestemmer seg altså for å hyre inn ei hushjelp – noko dei nok ikkje skulle gjort. Kritikarane legg seg på ein sterk 4-ar på terningen; ikkje av di filmen er så altfor skremmande – men den skal vere underhaldande på alle andre vis. Eller som VG oppsummerer: ««The Housemaid» lykkes med sin beskjedne, men ærbare ambisjon: Å lage en sjangerfilm som underholder oss. Det er ikke ingenting.»

En ung kvinne rengjør en marmorvask mens en annen ung kvinne står bak henne og speiles i baderomsspeilet.
Sydney Sweeney as Millie and Amanda Seyfried as Nina in The Housemaid.

Ein må også gå attover i tid for å finne inspirasjonen til 28 YEARS LATER: THE BONE TEMPLE (15 år). Regissør Danny Boyle er kanskje mest kjent for filmar som “Trainspotting» og «Slumdog Millionaire», men han laga også den britiske zoombie-klassikarar: «28 Days Later». Så da er katta ut av sekken: likar du ikkje den slags, er det berre å hoppe til neste avsnitt. For dei som vil lese vidare: «28 YEARS LATER er den beste katastrofefilmen på lenge» skriv Aftenposten og trillar til toppscore. Dei andre kritikarane vi har kome over nøyer seg med på fem på terningen, men er også småvilt begeistra.

Skitten mann med vest og ammunisjon står i midtgangen i en tom togvogn
28 years later.

KJÆLEDYREKSPRESSEN (6 år) er animert action for dei meir yngre. Og radarparet Truls Svendsen og Eyvind Hellstrøm er to av dei som har lånt bort stemmene til nokre av kjæledyra som er fanga om bord i eit kapra tog. Her går det unna og det er visstnok ein grevling som er den slemme. Ikkje godt å vite kor god filmen er, da ingen kritikarar ser ut til å ha sett den under lupa. Kanskje dei ikkje torde da dei hørte at det var Hellstrøm sjølv som var grevlingen?

Flere animerte dyr står og sitter i midtgangen på et tog med røde seter.
Kjæledyrekspressen.

ANNONSE:For tider og meir omtale, gå inn på https://surnadal-kulturhus.no/

Powered by Labrador CMS