ANNONSE - Surnadal kino:
Komedieklassikar i filmklubben
2. februar kvart år blir eit murmeldyr henta ut av hiet sitt i ein småby i USA for å spå vêret framover. Det vart det laga klassisk komedie av.
GROUNDHOG DAY, som blir vist i filmklubben onsdag 4. februar kl. 12, gjorde slik inntrykk at tittelen, «Groundhog Day», blir no brukt i daglegtale for å beskrive noko ein føler ein opplever oppatt og oppatt og oppatt…
Ein usympatisk og uengasjert meteorolog er sendt til småbyen for å lage eit fornøyeleg «Norge Rundt»-aktig innslag til ein nyheitskanal. Og vaknar opp til den same dagen etter kvar natt. Det finn han ut at kan utnyttast til sin fordel – også for å få ho han hadde sett seg ut, sjølv om ho mislikar han.
GROUNDHOG DAY har fått 8 av 10 mulege poeng på nettstaden imdb.com.
Har du tenkt å sjå (oppatt og oppatt?) animasjonsfilmen KJÆLEDYREKSPRESSEN (aldersgrense 6 år) og thrilleren THE HOUSEMAID (15 år) på kinoen, er det på tide å ta ut no. For inn til helga kjem det to nye filmar.
KRAKEN (12 år) er ei stor norsk satsing på «vårt» mytiske sjømonster med same namn. Kraken vart først omtalt på 1600-talet som ein slags gedigen blekksprut som kunne dra skip ned i djupet i Norskehavet. I filmen ser det ut til at monsteret har funne vegen inn i Sognefjorden. KRAKEN vart allereie i mai i fjor selt til 38 land, og det altså lenge før den var ferdig. Pål Øie er ein av regissørane og han er rimeleg lokal. Sunnmøringen har fleire «spreke» filmar på CV-en, som Villmark-filmane og Tunnelen.
Animasjonsfilmen SVAMPEBOB: JAKTEN PÅ FIRKANT (6 år) går også ned i djupet denne gongen. Han vil løyse mysteriet kring spøkelset på piratskuta Den Flygande Hollendar. SVAMPEBOB er med norsk tale, men filmen har allereie hatt internasjonal premiere: Engelske The Guardian gir 3 av 5 stjerner og skriv at det er ein solid SvampeBob-film. Og at den er betre enn inspirasjonen: «Pirates of the Caribbean»-filmane…
Meir om filmane og tider finn du på https://surnadal-kulturhus.no