ANNONSE: Surnadal kino

Tron: Ares

Velg norsk!

Norske filmar skapar høg temperatur på Surnadal kino – og det vil bli varmare og varmare.

Jau, det er framleis muleg å få med seg AFFEKSJONSVERDI, BLÜCHER og ONE BATTLE AFTER ANOTHER. Men no er det på tide å kaste seg rundt om du vil sjå desse, kvar på sitt vis, gode filmane. For no er det rydda plass til fleire nye filmar, og alle er norske (om ein er veldig romsleg av seg).

BLÜCHER tek altså for seg starten av 2. verdskrig i Noreg. DE RETTSLØSE, som Filmklubben viser onsdag 22. oktober kl. 12, spolar fram til etterspelet. Dokumentarfilmen handlar om rettsoppgjeret med «tyskartøsene» etter krigen – både det staten stod for sjølv, og det dei lukka augo for.

Journalist Lena Kalle leitar i norske arkiv etter korleis jentene som forelska seg i tyske soldatar vart behandla. Ho har møtt nokre få av kvinnene, og vitne til hendingane, som fortel sjokkerande historier.

Mange forelder og besteforelder hugsar sikkert historiene om RUFFEN: SJØORMEN SOM IKKE KUNNE SVØMME, barnebøkene til Tor Arne Bringsværd og Thore Hansen (illustratøren). No har animasjonsfilmen om Ruffen kome (aldersgrense 6 år), og det er muleg å ta oppatt kontakten. «Ei sjarmbombe med mykje å elske, sjølv om han ikkje alltid treff blink», skriv NRK og trillar til fire på terningen.

Ruffen

Og så til den svært så romslege tolkinga av «norsk»: Dei litt eldre kan sjå TRON: ARES (12 år) som er nok ein avleggar av science-fiction-karakteren som først dukka opp på kinolerretet i 1982. Norske Joachim Rønning (mest kjent for «Max Manus» og «Pirates of the Caribbean: Salazar’s Revenge”) er regissør av filmen og tilbakemeldingane er sånn passe: «Verdens dyreste og fineste screensaver», skriv VG og trillar til tre på terningen. NRK er meir begeistra, trillar fem og kallar filmen «et digitalt dunder av en actionfilm».

Heilt til slutt: det er berre å begynne å gle seg til jul ...i oktober. Den norske romansuksessen STARGATE har vorte filmatisert og dukkar opp i Surnadal om få dagar.

Du finn oversikt over når filmane går her: https://surnadal-kulturhus.no/filmer/

Powered by Labrador CMS