ANNONSE:

Kritikarrost og allsidig forfattar til Surnadal

Brynjulf Jung Tjønn kjem til Surnadal bibliotek tysdag 16. april kl. 19.30. Møt ein sjeldan allsidig norsk forfattar vel verdt å få med seg!

Brynjulf Jung Tjønn blei fødd i Sør-Korea, men vart adoptert til Norge og vaks opp som odelsgut i Sogn og Fjordane. Korleis var det for eit adoptivbarn å kome til landet vårt? Hadde ikkje alt vore betre om han var ein kvit, norsk mann? Då ville ikkje born ropt «Ching-chong-kinamann» etter han på gata eller spurt kor han eigentleg kjem frå. I den sterke diktsamlinga «Kvit, norsk mann» skriv Brynjulf Jung Tjønn om oppveksten sin og draumen om å vere som alle andre. 

I denne kvelden på Surnadal bibliotek les han frå boka, gir publikum innblikk i utanforskap, ein fragmentert identitet, norsk rasisme og deler både kloke, triste og komiske refleksjoner om livet.

 Brynjulf Jung Tjønn er forfatter, journalist og forlagsredaktør og har tidlegare skrive bøker for både barn, ungdom og vaksne.

Han fekk Brageprisen for barne- og ungdomsboka «Så vakker du er», medan ungdomsboka «Smadra» vart kåra til ein av dei ti beste bøkene for denne aldersgruppa som har vorte gjeve ut etter år 2000. Og sist no vann han Kritikarprisen for diktsamlinga som vil stå mest i fokus akkurat denne kvelden.

Powered by Labrador CMS