Annonse
ANNONSE:
Tur til setrene i Nessadalen 22. juni
Stangvik historielag arrangerer laurdag den 22. juni tur til setrene i Nessadalen utanfor Flessen, oppmøte ved bommen til Båtvikvegen kl. 10.30.
Svein Aarnes blir med som vegvisar og vil fortelja om seterdrift og gammel busetnad i området.
Dette blir ein overkommeleg tur for dei aller fleste, ta på gode sko (fjellesko – kan vera nokre våte parti) – og gode utapåklede, som kan tåle ein regneling. Men blir veret heilt «ravgælle», blir turen utsett.
Ta og med niste, vi skal taka oss god tid til ein kaffepause eller to.
Da håper vi at veret blir brukbart, og at mange vil bli med på vandring til «heimsetrene» utpå Flessastranda – VEL MØTT!