ANNONSE:

Sigrid Vetleseter Bøe blir igjen å høre i rolla som Ingrid, inspirert av Ingrid Sjølseth frå Øksendalen.

Gullrush i Bondehuset

Hausten 2018 gjorde musikalen «Stjernestøv», om gullrushet til Klondike, stor suksess i Surnadal og Sunndal. No kjem konsertversjonen, med premiere i Bondehuset torsdag 5. august.

Konserten i Stangvik har fått tittelen «Gullrushet og Gullkongen», som spelar på at «Gullkongen» Fredrik Bruseth vart mangemillionær på verdas største gullrush. Den blir framført av eit lokalt stjernelag, med songarane Sigrid Vetleseter Bøe og Harald Brusethaug i spissen. Sigrid hadde også hovudrolla i «Stjernestøv» hausten 2018.

Med seg har dei Øystein Sandbukt på banjo og gitar og Ivar Sandbukt på bass, mens komponisten sjølv, Lars Ramsøy-Halle på gitar. Svein Sæter skreiv teksta til «Stjernestøv», og han fortel om den historiske bakgrunnen og inspirasjonen mellom songane.

Lars Ramsøy-Halle har gullstøv i blodet. Fredrik Bruseth var gammel-gammelonkelen hans, og Lars kjenner historia i detalj. Det kan ein faktisk høre i musikken.

Carsten Andersen (f.v., scenografi), Lars Ramsøy-Halle (musikk) og Svein Sæter (tekst) sto bak musikalen «Stjernestøv». Alle er involvert når konserversjonen har premiere 5. august.

Konserten er i regi av Stangvik grendalag, og ein del av 100-årsfeiringa av Bondehuset. Betre plass finst ikkje: Det staselege forsamlingshuset var bygd av gullpengar frå Klondike, gitt av Fredrik Bruseth. Bygdafolket bidrog med ein imponerande dugnadsinnsats.

Bruseth var slett ikkje den einaste nordmøringen som deltok under dei to store gullrusha, som begynte med Klondike i Canada i 1896 og fortsette med Nome i Alaska nokre få år seinare. Driva-gründer Einar Sæter skriv om mange av desse i boka «Gullfeber», som også har jubileum i år. Den kom ut for 25 år sia.

Sonen Svein Sæter besøkte både Klondike og Nome da han arbeidde med å gi stoffet musikalform. Han røper at ei av rollene i «Stjernestøv» er inspirert av nettopp Fredrik Bruseth. Ei anna er inspirert av Ingrid Sjølseth frå Øksendalen.

Torsdag 5. august møter publikum i Bondehuset både Fredrik og Ingrid, i form av Harald Brusethaug og Sigrid Vetleseter Bøe.

Grendalaget har fått støtte frå Lokalbanken Sparebank 1 Nordmøre og Møre og Romsdal fylke til denne konserten.

Powered by Labrador CMS