ANNONSE:

Fargerik bukett med hvite, gule og lilla blomster foran en rød trebygning.

Sommarope Åsen bygdemuseum

Åsen bygdemuseum i Surnadal inviterer til ope museum tre onsdagar på rad, med start 29. juli. Den første dagen har ei utvida omvising i Røykomnsstua. Sjå øvrig program under.

Felles program alle dei tre dagane kl. 11.00 - 16.00:

·        Omvising og orientering om museet, start kl. 11.00 

·        Sal av kaffe og bakels kl. 11.30 - 16.00

·        Opne utstillingar kl. 11.30 - 16.00

·        Sal av lokalhistoriske bøker 

·        Museumsbesøket kan fint kombinerast med tur på Kavlvegen kultursti, med startpunkt ved museet. Kom innom og ta ein kaffekopp!

·        Museet er ope til kl. 16.00.

Temaprogram for kvar av dei tre dagane:

Onsdag 29. juli: Omvising i Røykomnsstua frå Torvik kl. 11.00

Utvida omvising med besøk i den 275 år gamle freda Røykomnsstua frå Torvik. Kaffesalet opnar ca. 11.30, eller når omvisinga er ferdig.

****

Onsdag 05. august: Baking i eldhuset kl. 12 - 15

Kom og bli med, vi bakar på takka! Bli med å opplev stemninga og smak på baksten.

 ****

Onsdag 12. august: Aktivitet i smia kl. 12 - 15 og Vikingdag i regi Frivilligsentralen

Vi fyrer opp i smia - opent for alle!

Vikingdag - for påmeldte. Er du barn/ungdom og bur eller går på skule i Surnadal? Frivilligsentralen arrangerer Vikingdag på Åsen og Kavlvegen for deg! Påmelding innan 4.aug på denne lenka: Surnadal Frivilligsentral - Vikingdag på Åsen, 12.08.2026

****

Vi ønskjer nye og gamle museumsgjengarar velkomne - lokale og tilreisande, store og små!

Meir om kva som skjer i Nordmørsmusea finn du alltid her: www.nordmorsmusea.no

 

Powered by Labrador CMS