ANNONSE:
Markering av Samefolkets dag i Mo kyrkje
Vi informerer om at Kyrkja i Surnadal vil markere Samefolkets dag søndag 8. februar 2026 i Mo kyrkje kl. 11.00.
I fjor markerte vi Samefolkets dag på sjølve dagen 6. februar med godt oppmøte på Kyrkjelydshuset på Skei. I år har vi lagt feiringen til gudstenesta i Mo kyrkje søndag 8. februar, der leder av Samisk kirkeråd, May Bente Anita Jønsson, som jobber og bor på Sunndalsøra, deltar sammen med oss. Ho hadde ikkje mulighet til å delta på selve dagen 6. februar, då ho skal delta på Samiske festdagar i Oslo.
På gudstenesta vil også tidlegare lærar i nordsamisk område Sverre Hatle være med. Organist er Bernt Idar Bøe, og Tove Elin Strand vil spille fløyte. I tillegg vil det være med ei forsangergruppe frå Mo sokn. Gudstenesta vert leia av sokneprest i Surnadal Pål Arne Winsnes.
Alle salmane som vert sunge, står i salmeboka og har både ny/norske og sørsamiske tekstar.
Gudstenesta vert overført på Youtubekanalen "Kyrkja i Surnadal". Link til sendinga ligg også på Facebooksida til Kyrkja i Surnadal.
Etter gudstenesta blir det ein utvida kyrkjekaffe med mellom anna bakkels og græt. Under kyrkjekaffen vil leiar av Samisk kyrkjeråd kome med ei helsing.
Sokneprest Pål Arne Winsnes vil halde ei orientering om opprinninga for Samefolkets dag, det samiske flagget, og om samisk kirkeliv. Tidlegare lærar i Todalen og Mo, Tor Holten, vil fortelje om salmediktaren og samen Torkjell Jonassen (Rutfjell) som reiste gjennom Surnadal, og om samiske busettingar i Bæverdalen. Bernt Bø vil på gudstenesta spele på orgel ei salme som Torkjell Jonassen har laga.
Vi håper at mange vil kome til denne markeringa!