Midtsommar i Surnadal:

Folk går mellom boder og aktiviteter på et utendørs marked, med en mann og et barn i forgrunnen.
Espen Røv er operasjonell leiar i Svorka.

Svorka inviterte til familiedag

Publisert Sist oppdatert

I samband med Midtsommar i Surnadal, arrangerte Svorka familiedag på parkeringsplassen utanfor Svorkabygg laurdag. Her var det mange lærerike aktivitetar, servering av bakels, kaffe og is. I tillegg fekk alle straumkunder, som ville ha, utdelt to gratisbillettar til Orklabadet på Orkanger.  

Lærerike aktivitetar frå Vitensenteret 

Her kunne ein få prøve forskjellege aktivitetar som fremma kunnskap om elektrisitet og straumnett. Vitensenteret avdeling Innlandet hadde laga forskjellege aktivitetar der ein kunne prøve seg åleine, eller i grupper.  

Uteområde foran et moderne bygg med folk, skilt og en blå markise ved inngangen.
Familiedag hos Svorka.


– Det er viktigaste med aktivitetane vi har, er å fremme interessa for matematikk, fysikk og realkunnskap, sa operasjonell leiar i Svorka, Espen Røv.  

Vi treng i framtida nye medarbeidarar, og greier vi å rekruttere desse gjennom slike arrangement som i dag, er det verkeleg bra, la han til.  

Gratis bakels, kaffe og is 

Svorka spanderte også bakels med syltetøy, kaffe og is på dei som kom innom. Alle straumkundar, som ville ha det, fekk i tillegg to gratisbillettar til Orklabadet på Orkanger.  

 

Powered by Labrador CMS