ANNONSE:
Sjømannskyrkjekveld i Stangvik kyrkje
Onsdag 29. april kl 1900 inviterer Stangvik sokneråd til sjømannskyrkjekveld i Stangvik kyrkje for fyrste gong.
Frå Sjømannskyrkja kjem Ole Jacob Risnes for å fortelje om Sjømannskyrkjas pop-up kjyrkje under vinter OL i Milano og Cortina. Han vil også vise nokre videohelsingar frå ulike sjømannskyrkjer rundt omkring i verda.
Så vil vi få et veldig interressant foredrag av Rannveig og Torbjørn Brøske, som forteljer om livet sitt som sjømannsprestepar gjennom 14 år både i Paris, San Fransisco, Stockholm og på Costa del Sol.
Songkoret Prosjekt 17 frå Surnadal under leiing av Bernt Idar Bøe vil syngje kjende og kjære songar om våren og livet på sjøen.
Organist Oddveig Helset Halle står for dei musikalske innslaga.
Det vert mykje allsong, frå eit eige songhefte med typiske songar fra Sjømannskyrkjelivet.
I midtgangen er det langbord med sjømannskyrkjas spesial: vafler (bakels) og kanskje noko andre godsaker.
Det vert utlodning med fine gevinstar til inntekt for Sjømannskyrkja.
Kvelden leies av sokneprest Pål Arne Winsnes.
Alle er velkomne!