Stangvik onsdag:

Eldre par i prestedrakt og bunad står ved en hvit kirke på landet.
Torbjørn og Rannveig Brøske har stor erfaring frå den verdsvide Sjømannskyrkja. Her fotografert etter eit meir kortreist oppdrag – 17. mai 2024 i Åsskard.

Sjøfart, kyrkje og misjon

Sjømannskyrkjekvelden i Stangvik onsdag kallar fram lokal misjonshistorie. Med mange nordmøringar på dei sju hav betydde Den Norske Sjømannsmisjon mykje i bygdene våre.

Publisert Sist oppdatert

Frå 2003 er namnet «Sjømannskirken – Norsk kirke i utlandet». Kjell Dønheim, pensjonert sjømann og forfattar av boka «Kristiansund på de 7 hav», kommenterer:

- Om det i dag er få norske sjøfolk på «dei sju hav» og korte stopp i hamnene, er Sjømannskyrkja faste haldepunkt for mange. Takka vere foreiningane rundt om har Sjømannsmisjonen hatt denne viktige rolla i alle år.

Torbjørn og Rannveig

Hovudaktørar i Stangvik-kyrkja onsdag kveld er Torbjørn og Rannveig Brøske. Torbjørn var sokneprest i Surnadal frå 1987. Som sjømannsprest gjorde han seinare teneste i Stockholm (14 år), San Francisco og Paris – og i vikariat andre stader. Og ved hans side – med bakelsjarnet, så å seie – gjorde Rannveig si store gjerning.

Dette får vi høre meir om onsdag, attåt reportasje ved Ole J. Riisnes frå Sjømannskirken, videoinnslag, song, servering og endatil utlodning for den gode saka.

Lokale foreiningar

Og denne gode sak har hatt mange trufaste hjelparar i bygdene våre. Her og no nemner vi 3-4 foreiningar – litt av Sjømannsmisjonens lokale historie. (Men artikkelforfattaren er interessert i fleire opplysningar!)

Todalen Sjømannsmisjonsforening

I Todalen vart det stifta foreining for Den Norske Sjømannsmisjon alt i 1909, med Laura Kalseth i spissen. Laget feira 100-årsjubileum i 2009. Det samarbeidde frå 1990-åra tett med Todalens enno eldre NMS-foreining (frå 1845). Men desse hadde likevel sine eigne styreleiarar fram til permanent samanslåing seinare.

Hamnesfjorden Sjømannsmisjonsforening

I Åsskard starta «Hamnesfjorden Sjømannsforening» (som dei sa til dagleg) på 1920-talet og avslutta arbeidet for nokre år sia. Lars Snekvik var sentral her. Dei siste som stod i spissen, var leiar Astrid Garthe og kasserar Kjellaug Sollid.

– Men i min oppvekst rundt 1950 var det Ida Snekvik (Gjælå) som var «formann», seier Liv Torgunn (Solem) Beverfjord.

Et gammelt bilde av flere kvinner som sitter rundt et kaffebord i en stue og prater sammen.
Møte i Hamnesfjordens Sjømanns(misjons)foreninng 8. juni 1983. Rundt bordet ser vi, meir eller mindre tydeleg, frå venstre: Marit Snekvik, Guri Snekvik, Edel Botten, Aslaug Aasgård, Astrid Garthe, Agnes Snekvik, Berit Sollid, Margit Snekvik og Magna Sollid. Nærast til høgre ei ukjend.

Glærum Sjømannsmisjonsforening

Dordi Glærum Skuggevik fortel at Ragnhild, mor hennar, stifta «Glærum Sjømannsmisjonsforening» rundt 1950.

Og vi kjem tett innpå opphavet til denne misjonsbevegelsen når ho opplyser at farmora, Betzy Elisabeth Albertine Bronn Skuggevik, hadde Sjømannsmisjonens grunnleggar, Johan Storjohann, som lærar og konfirmantprest i Kristiania!

- Hun drev Sjømannsmisjonsforening på Gyl, der hun var lærer i fremmedspråk på Amtskolen, og der hennes datter, Kirsten Skuggevik, fortsatte driften av foreningen, seier Dordi.

Storjohanns visjon

«Sjømannsmisjonens far», presten Johan Cordt Harmens Storjohann (1832-1914) starta i Bergen 31. august 1864 «Foreningen til evangeliets forkyndelse for skandinaviske sjømænd i fremmede havne» - altså Sjømannsmisjonen eller «Sjømannskjerka».

Gammelt svart-hvitt-portrettbilde av en eldre mann med langt hår og kinnskjegg
Johan Storjohann (1832-1914) – «Sjømannsmisjonens far» - var lærar til Betzy Skuggevik, som starta foreining på Gyl.

Sjøl arbeidde Storjohann ei tid som sjømannsprest i London, så i indremisjonen i Kristiania, seinare som fengselsprest og sokneprest. Han var også redaktør for bladet «Bud og Hilsen» - kjent lesestoff i foreiningane våre.

Ei byste av grunnleggaren vart avduka i Bergen i 1926 – etter ei stor nasjonal pengeinnsamling.

Blå Bud og Hilsen-forside med hvit måke omgitt av eldre magasinutgaver
Misjonsbladet «Bud og hilsen» var ein kjær gjest i heimane. Det skifta namn til «Hjem» i 2015.

«Kjerka» i dag

Sjømannskyrkja ønskjer å vera «et kirkelig, kulturelt og sosialt møtested for alle nordmenn i utlandet». Organisasjonen har kompetanse på kriseberedskap og familierådgjeving. Kvart år har kyrkja rundt 650 000 møte med menneske over heile verda og utfører eit omfattande sosialt arbeid.

I dag reknar ein 28 sjømannskyrkjer, ei nettkyrkje, ni nordsjøprestar, fire studentprestar og sju reiseprestar. Organisasjonen jobbar i over 80 land - i alle verdsdelar. Meir også om dette på sjømannskyrkjekvelden i Stangvik onsdag.

Powered by Labrador CMS