ANNONSE:

Jonsvaka igjen

Fredag kveld inviterer Åsskard kyrkje på nytt til Jonsvaka. Denne Sankthans-konserten har vore årviss heilt frå 1982 – bortsett frå i fjor, da koronaen kom i vegen.

Erik Rosenius syng m.a. stoff av sin legendariske slektning Carl Olof Rosenius (1816-1868). (Montasje: Bernt G. Bøe).
Erik Rosenius syng m.a. stoff av sin legendariske slektning Carl Olof Rosenius (1816-1868). (Montasje: Bernt G. Bøe).

Operabassen Erik Rosenius er hovudaktør. Han syng, delvis saman med koret, verk av Wennerberg, Mendelssohn og Beethoven. Erik framfører også «andliga sånger» frå heimlandet Sverige, deriblant bedehusslageren «Var jag går, i skogar, berg och dalar». Teksten til denne er faktisk skriven av hans tipp-tipp-tippoldefars bror, «Fosterlandsstiftelsen fader» Carl Olof Rosenius!

Ronny Kjøsen
Ronny Kjøsen

Lokal folketonemesse

Koret Prosjekt 17 er litt nedbemanna denne gongen, men står for fleire korinnslag. Saman med trekkspel og piano framfører dei «Folketonemesse frå Todalen», der nyskrivne korparti av Bernt Bøe får tonefølgje av folkemusikk frå Todalen. Dette er slåttar etter Hallvard Ørsal og salmar etter Tomina Husby og Ane Husby.

Erik Rosenius
Erik Rosenius

Ronny med eige stoff på trekkspel

Altmuleg-musikaren Ronny Kjøsen, for tida tilsett i Stangvik, Todalen og Åsskard sokn, spelar eigne komposisjonar på trekkspel. Han kompar også noko av kveldens rike allsongprogram, som spenner frå «No livnar det i lundar» til salmetangoen «Fordi han kom».

Bernt Bøe leier koret og gir tonefølgje på orgel og piano.

Vanlegvis er Jonsvaka ein nattkonsert, men er denne gong lagt til vanleg kveldstid – kl. 19.30.