ANNONSE:

Eva Jorid Svendsen og staben hennar lovar ei triveleg kyrkjestund søndag.

Åsskard søndag: Gudsteneste med litt til

Åsskard sokneråd og leiar Eva Jorid Svendsen inviterer til gudsteneste og årsfest i Åsskard søndag.

I gudstenesta har prest Cathrine Grutle også denne gong assistanse av konfirmantar og songgruppe. Takkofferet går til bispedømets støttearbeid for Ukraina, og noko av dagens musikk er frå det no krigsherja landet.

Etter gudstenesta er det ein liten årsfest i Kyrkjestua. Soknerådet spanderer middag på alle frammøtte. Og i ord og bilete blir det tilbakeblikk på aktivitetene i Åsskard kyrkjelyd i året som gjekk.

Powered by Labrador CMS