ANNONSE:

Årsfest i Åsskard

I Åsskard blir Maria Bodskapsdag feira med gudsteneste, årsfest og middag for alle. Vikarprest Akerø og soknerådet ser fram til ein hyggeleg søndag.

Som ved tidlegare høve er Hans Arne Akerø vikar i Surnadal. Han er også diktar og komponist, og hans tonesetting av ein bibelsk Maria-salme blir sungen i gudstenesta. Det er nattverd, og dagens takkoffer gårtil Kirkens Nødhjelp.

Under samlinga i Kyrkjestua etter messa serverer soknerådet middag og kaffe. Årsmelding og rekneskap for 2023 blir framlagt - illustrert av lysbilete frå fjorårets mange aktiviteter i soknet.

Ordet er fritt til innspel og samtalar om livet i den lokale kyrkja.

Et portrettbilde av en mann i presteskjorte.
Søndagens prest Hans Arne Akerø er også musikar og forfattar. Han har komponert musikken til ein av søndagens salmar.
Ei dame som sitter på muren foran ei kirke.
Soknerådsleiar Eva Jorid Svendsen håpar mange vil feire Maria-dagen i Åsskard kyrkje - med gudsteneste, middag og triveleg årsfest
Plakat om årsfest i Åsskard kyrkje 17. mars kl 11

 

 

 

Powered by Labrador CMS