Portrettfoto av ei dame.
«ODEL»: Dordi Strøm er fersk vinnar av P2-lyttaranes romanpris. No kjem ho til Vårsøghelga.

Prisvinnande forfattar til Vårsøghelga

Ein dagsaktuell forfattar blir gjest under Vårsøghelga: Dordi Strøm vann nyleg P2-lyttaranes romanpris for boka «Odel». Dette skriv Vårsøgheøga i ei pressemelding.

Publisert Sist oppdatert

Dette er ein høgthengande pris, der seks lyttarar diskuterer eit utval romanar gjennom fleire radioprogram. Til slutt stod altså «Odel» att som vinnar.

- Det var ei gåve å få høre på dette, at ulike lesarar fortalte korleis dei opplevde boka mi. Eg fekk mange overraskingar, ting eg ikkje hadde tenkt på sjølv. Slikt gjer meg glad!

Seier Dordi Strøm, som er trønder busett i Oslo. Ho er òg scenekunstnar, og har mellom anna arbeidd mykje med scenografi og kostymedesign. «Odel» er den andre romanen hennar, debuten kom med «Flog» i 2021. Begge bøkene er utgitt på Samlaget

«Odel» er ein dobbeltbotna tittel. Det er nemleg òg namnet til ein sentral person i boka, ei jente som veks opp på gard på 1970-talet.

Boka har fått mange gode kritikkar, der Dordi Strøm mellom anna er blitt kalla både uredd og effektiv som forteljar. «Nifs, suggererande og gnistrande original, slik kan ein karakterisere Dordi Strøms andre roman. Eg les gjerne fleire», skreiv Anne Cathrine Straume på nrk.no.

I Boksøg under Vårsøghelga fortel forfattaren om boka i samtale med Svein Sæter.

- Eg gler meg til å komma til Surnadal. Det skal bli kjekt å få møte lesarar der, seier Dordi Strøm.

Powered by Labrador CMS