Surnadal kulturhus

Fire ungdommer på en scene
Det mørke fortet - et minecraft eventyr

Spektakulært familieteater

DET MØRKE FORTET inneheld det meste: Action, venskap – og Minecraft med lokale aktørar.
Onsdag 28. februar kjem teatret til Surnadal kulturhus.

Sjølve teateropplevinga, som passar for alle over seks år, handlar om familie og det å stå på eigne bein. Og innpakkinga er ikkje likt noko du har sett før – dette blir spektakulært!

Vegard spelar Minecraft, og tykkjer livet elles berre er noko skit. Han flyttar difor frå mora til storebroren sin og må klare seg sjølv, utan vener på ein heilt ny stad.

Ein dag møter han Marah. Ho og venene er på sommarleir og speler Minecraft på kveldane. Vegard får prøve seg, men han brenn ned landsbyen deira og alt går galt. I det fjerne begynner eit skummelt, mørkt fort å reise seg. 

Det mørke fortet - et minecraft eventyr

Vegard oppdagar at nokon er etter han. Ein som kjenner han altfor godt, og som gjer alt for å øydelegge. Bli med til ei altoppslukande verd der spel og verkelegheit smeltar saman!

Den kjente Youtuberen og gamaren Jonas Lihaug Fredriksen, også kjent frå TV2s «Forræder», spelar Vegards (Arjan Nilsen) storebror. Handlinga utspelar seg både på scena og på skjerm, i verkelegheita og i spelet. Seks lokale unge er med som Minecraft-spelarar.

Det mørke fortet er ei familieforestilling frå Teatret Vårt og Riksteatret der barna lærer om livet og dei voksne lærer om barna. Forestillinga passar særleg godt for litt større barn og er ikkje anbefalt for dei under seks år.

Powered by Labrador CMS