Julehopp og juledressur

Barn og hester som har fått medalje
Stolte barn fekk sløyfe for gjennomført konkurranse

Vintermoro på hesteryggen

Barna stråla av glede på det kalde julearrangementet i ridehallen.

Publisert Sist oppdatert

I 2001 vart Surnadal og Rindal rideklubb slått saman til Trollheimen ride- og kjørelag, og i år er det ti år sidan Trollheimshallen stod ferdig. Søndag var det igjen tid for julearrangement i hallen

Det var kaldt i hallen, men det stoppa ikkje smila til alle små og store som hadde gleda seg lenge til denne dagen. Leiar for ride- og kjørelaget, Gro Løfaldli, seier at dei gjennomfører julearrangementa for å gi aktivitet for medlemmane, og at det er veldig viktig for rekrutteringa i klubben.

– Da får vi jo med alle disse håpefulle som har gleda seg til dette arrangementet. Her er det lågterskel og rom for alle, seier Løfaldli.

Jente som rir på hest
Juleslipset er på
Jente som sitter på hest, og dame som står ved siden av
Dagens første deltakar klar til start
Jente som rir på hest
Mange av hestane var kledde for julehopp
Jente som hopper over hinder med hest
Nisselue passar bra til både barn og hest

Denne gongen blei det gjennomført konkurranse i klassane bom på bakken, 20 cm og 40 cm, i tillegg var det dressuroppvisning med kvadrilje og to dressurklassar.

Ride- og kjørelaget er svært nøgde etter søndagens arrangement. Dei har fått mykje skryt og gode tilbakemeldingar frå foreldre og barn.

– Det at folk er så flinke til å sette pris på det og gi skryt, gjer at det er stas for oss å arrangere. Det gir ekstra energi for oss som held på med dette, seier Gro.

Gro fortel at dei har bestemt seg for å auke hyppigheita på denne type lågterskel-arrangement. Tidlegare har det vore arrangert to gongar i året, men no vil dei satse på å få det til minst 4 gongar i året.

Etter konkurransane var det loddsalg og kåring av beste kostyme.

Gro Løfaldli og resten av ride- og kjørelaget seier at dei sett pris på dei ivrige ryttarane, aktive foreldra og alle sponsorane som gong på gong stiller med premiar til lotteriet.

Jente og hest med julekostyme
Ariel og ponnien Gullit vann pris for dagens beste kostyme!
Voksne og barn og hester i ridehall
Barn og hestar får utdelt medalje for innsatsen
dame som rir på hest med lang kappe
Mange flotte antrekk var å sjå på hesteryggane
Hest som hopper over hinder med juletre i front
Juletreet var satt opp midt i hallen
mennesker og hester foran juletre i ridehall
Store og små var svært nøgde med dagen!
Powered by Labrador CMS