Annonse:

Henning Sommerro tek styringa under allsongen.

Møte i Indre Nordmøre senioruniversitet

Velkommen til songmøte i Storstuå på Surnadal kulturhus, torsdag 8. oktober kl 13.00! Henning Sommerro leier allsongen saman med Styrkår Brørs og Holger Skei.

Øyvind Holte kjem på besøk i kjent revystil.

Temaet for allsongen er kjente songar og revyviser frå Surnadal.

Vi satsar på å gjennomføre same opplegget som vi måtte avlyse i mars på grunn av korona. For å halde koronareglene med 1 meters avstand, har vi valgt å bruke Storstua. Det blir heller ikkje kaffe og kake etter møtet slik vi plar ha.

Billettprisene er 200 kr for medlem og 250 kr for ikkje medlem. Bruk av Storstua medfører store utgifter for laget, noko som er bakgrunnen for billettprisen.

Vi vonar du møter opp og deltek i allsongen. Samtidig oppmodar vi deg til å orientere venner og bekjente om møtet.

Di fleire vi er, di flottare og meir rungande song blir det.

Velkommen!

Powered by Labrador CMS