To små jenter som ser opp på altertavla i kirka.
I programmet blir dei yngste kjent med altartavla og andre vakre deler av kyrkja si.

Kyrkjekveld for dei yngste

- Ungane eig kyrkja si! Det seier Åsskard sokneråd når dei inviterer 4-5-6-åringane til Barnas Kyrkjekveld tysdag.

Publisert Sist oppdatert

Gjennom leik og samhandling får ungane ta i bruk heile kyrkjehuset – gå i prosesjon, leike dåp, prøve orgelet, synge litt og kanskje ringe med kyrkjeklokkene?

Ei hjemmesnekra 'krybbe' med høy og ei babydokke oppi. Bak skimter vi alterringen i ei kirke, og et lite bord, med tre kroner av papp og en levende lys.
Klart for eit lite julespel. Jesusbarnet er i krybba. Hattane og bålet ventar berre på at vismennene og gjetarane kjem og tek rollene sine!

Eit lite skuespel frå Bibelen blir det og. Sjøl om det er lenge til jul, handlar det om da Jesus vart fødd i Betlehem.

- Og da treng vi mange til å spela roller, seier klokkar Randi Bøe, som har laga utstyr. - Jesusbarnet er ei dokke. Men nokon må vera Maria, Josef, gjetarar og vismenn. Så her blir det mykje artig å gjera!

Ei smilende dame med briller og kort grått hår, som holder fram ei bok. På framsida står tallet 4, og 'Mi kyrkjebok'.
- Denne boka får 4-åringane søndag 5. oktober, seier Randi Bøe. På kyrkjekvelden tysdag fortel ho litt om boka og arbeidsheftet som følgjer med.

Randi vil også vise litt frå «Mi Kyrkjebok» - som 4-åringane får utdelt i gudstenesta søndag 5. oktober. Denne boka har 5-6-åringane fått før.

Barnas Kyrkjekveld varer ein times tid og blir avrunda med litt god mat og drikke hos Kari & co i Kyrkjestua.

Ei hand som tenner et lys i en stor, rund lysestake med mange brennende lys.
Å tenne lys i globen er ei høgtidsstund på kyrkjekvelden.
Powered by Labrador CMS