For små og store
Søndagens gudsteneste i Åsskard byd på mykje: Bibelhistorier, kyrkjebok til 4-åringane, mykje song og sending på nett.
Vidar Rygh er prest og leier samlinga, der det også er nattverd. Takkofferet går til arbeidet i kyrkjelyden.
Alle gudstenester er for unge og vaksne i vår felles storfamilie. Slik vil også konfirmantar delta.
4-åringar var med på barnekvelden nyleg. Søndag får dei «Mi Kyrkjebok» i gåve. Dette er eit ledd i kyrkja si dåpsopplæring.
Boka fortel om Jesus og vennene hans og mykje om kva dei to barna Bo og Nora opplever. Den har bortimot 30 songar, mange forteljingar og viser elles litt om livet i kyrkja Eit aktivitetshefte med artige leikeoppgåver er også med.
Kari er vert i Kyrkjestua og held sikkert ord: Ho har nemleg lova ungane bakels til kaffestunda der!
Gudstenesta blir filma og sendt på kyrkja sitt nett. Linken finn du under Kyrkja i Surnadal.
ANNONSE: