Gudsteneste med dåp

Dåpsfølget i kordøra.
Dåpsbarnet Thea Halgunset Fiske med foreldre og fadrar.

Jødar og heidningar

Gudstenesta i Rindal denne søndagen var ved vikarprest Oddbjørn Stjern som preika om Jesus, jødane og oss heidningane. Thea Halgunset Fiske vart bore til dåpen denne søndagen.

Publisert

Preiketeksta var frå Matteus 23,37-39

Jerusalem, Jerusalem, du som slår profetene i hjel og steiner dem som er sendt til deg! Hvor ofte ville jeg ikke samle barna dine som en høne samler kyllingene under vingene sine. Men dere ville ikke. Så hør: Huset deres blir forlatt og legges øde! For jeg sier dere: Fra nå av skal dere ikke se meg før dere sier:
«Velsignet er han som kommer
i Herrens navn!»

Ordet jøde var sentralt i preika til Stjern. Jesus var jo jøde, så det er frå jødar vi har kristendommen. Jesus snakka om jødar og heidningar. Vi er under nemninga heidningar.

Evangeliet er for både jødar og heidningar. Det er for alle.

Derfor driv vi misjon. I over 100 år har det vore misjonsforeiningar, også i Rindal. Det er norske misjonærar i mange land. Dåpskluten, som Thea vart tørka med, kjem frå Madagaskar der norsk misjon har arbeidd.

Også blant jødane i Israel er det norsk misjon. Norsk Israelsmisjon har i 50 år drive ein aldersheim for kristustruande jødar i Haifa. Misjonen der er opptatt av fredsbygging mellom dei ulike folkeslaga.

Dåpsfølget i kordøra
Dåpsbarnet Thea Halgunset Fiske med foreldre og fadrar.
Oddbjørn Stjern ved flygelet.
Etter dåpen satte Oddbjørn Stjern seg til flygelet og framførte Arnold Børuds barnevise "Vil du vite hvordan det låt" for dåpsfamilien.
Knur Arne Aasen ved flygelet.
Knut Arne Aasen frå Støren leda dei musikalske innslaga frå flygelet.


Powered by Labrador CMS