Lysmesse i Rindal kirke

Inngangsprosesjonen framme i kirka.
Lysmessa opne med at trusopplærar Elsa Jensvold, sokneprest Lene Gåsvatn og konfirmantane kom inn i kyrkja i prosesjon.

Folket som vandrar i mørkret ser eit stort lys

Søndag kveld, siste dag i november, første søndag i advent og i det nye kyrkjeåret var det lysmesse i Rindal kirke. Trusopplærar Elsa Jensvold var liturg og sokneprest Lene Gåsvatn heldt preika. Konfirmantane deltok med inngangsprosesjon med lys, med tekstlesing og lystenning. Marit Løfaldli deltok med song akkompagnert av organist Ronny Kjøsen.

Publisert
Lene prest på preikestolen.
Sokneprest Lene Gåsvatn på preikestolen under lysmessa.

Preika til Lene prest under Lysmessa:

Det er så mykje me kan vera glade for, berre me tenkjer oss om. No håpar eg de kan gle dykk til førjulsfesten på skulen torsdag. Og så er det vel nokre harde tak som gjenstår før – vil eg håpe - dei aller fleste på skulen kjem hit att i kyrkja siste skuledag før jul.

Deretter blir det ein lang og god ferie, som eg også håpar alle kan gle seg til.

 Korleis skal det bli? Nokon skal vera i ein heim heile jula, mens andre skal dele seg mellom to heimar. Og så er me kanskje endå meir opptatt av å ikkje skuffe andre enn me er redde for å bli skuffa sjølve.

For tross alt er me vel alle innstilt på same måte som dei var i museholet i Musevisa: Heisann og hoppsann og fallerallera, på julekvelden da skal alle sammen være glad.

 Og er det nokon som er gode på å ta ansvar for at alle skal ha det bra, så er det dei som sjølve er mest sårbare – dei minste.

Alle som har hatt med folk å gjera, veit at dette å ha det bra handlar om relasjon. Og relasjon. Og endå meir relasjon. Om å ha det bra med kvarandre. Fordi me veit at hvis me berre har det bra med kvarandre, så betyr hybelkaniner og sølvpuss, gåvehaug og sprø svor på ribba fint lite i forhold.

Gud veit også noko om dette – altså: Det er eitkvart som tyder på at Gud har betre greie på relasjonar enn på peparkakeoppskrifter og nissekostyme. Og når Jesus kjem til verda, så kjem han faktisk som ein relasjonsbyggar, dette som Alf Prøsen så fint kallar for ei bru imellom seg og himmelen, ei krubbe og ei ku.

 I sitt dikt Advent skriv Astrid Krog Halse om korleis ein kan ta med sg Jesus inn i førebuingane til jolehelga. Teiknet er å finne i det ho kallar goillrånd som ligg atta fjella.

Det var mesta som me høyrer ekkoet frå Jesaia, der han proklamerer at folket som vandrar i mørkret ser eit stort lys og at lyset strålar fram over dei som bur i dødsskyggens land.

Marit Løfaldli har øvd inn dette diktet Advent av Astrid Krog Halse i lag med mannen sin Ronny Kjøsen, og no skal me høyre korleis dei tolkar det for oss.
----

Ronny Kjøsen og Marit Løfaldli hadde musikkinnslag under gudstenesta.
Organist Ronny Kjøsen og Marit Løfaldli hausta applaus for innslaga sine under gudstenesta.

Kva meir eg har å seia? Eg har noko å seia om at lyset alltid finst. Jesus blir kalt for lyset som skulle koma til verda, og hans lys skal aldri sløkkja. Han er det evige lyset som aldri kan sløkkjast – korkje rundt oss elelr inne i oss. Ei heller mellom oss.

Ein av våre store poetar, Helge Torvund, har sagt at lyset me treng, det finst. Lyset me treng, det er der.

Så kan me gjerne gjera som Astrid Krog Halse gjorde, og som dei gamle profetane gjorde før henne: Sjå mot himmelen og leite etter teikna på at mørkret skal sleppe taket og den lyse tida koma tilbake.

Tida går fort, før innhaldet i siste verset blir vårt:

Fire kvite ljøs i kransa,
kom så ska oss tend' det sest!
Det lyt vårrå fint i stuggun
når det kjem så høg en gjest.

Det lyt gjerne vera fint i stuggun. Det blir koselegare for oss som bur der då. Og så er det noko med å verdsetja han som – ifølge Skrifta – gjestar oss som ein soloppgang:

Setja pris på, og ikkje minst takke for at han kom og at han blir hjå oss i det me måtte ha av bustad for han.

I adventstida førebur me til at han kjem. Og kjem, det gjer han. 

Amen.

Ronny Kjøsen fekk velkomsthelsing som ny organist i Rindal frå soknerådet.
Organist Ronny Kjøsen fekk velkomsthelsing frå soknerådet som organist i Rindal.
Utgangsprosesjon
Utgangsprosesjon..
Powered by Labrador CMS