Drivacup og TodalsCup 2025

Fleksible og løysningsorienterte cuparrangørar
Laurdag 28. juni er det Drivacup på Syltøran stadion i Surnadal og laurdagen etter, den 5. juli er, det TodalsCup på Bordholmen stadion i Todalen. To tradisjonsrike cupar med ei lang historie bak seg.
TodalsCupen har lange tradisjonar for å vere sist på juni eller tidleg i juli, og var i år eigentleg datosett til laurdag den 28. juni. Drivacupen har dei siste åra vore arrangert helga rundt St. Hans, altså helga før Todalscupen.
Frå torsdag 19. – søndag 29. juni blir det som kjent også arrangert Midtsommar i Surnadal, eit arrangement som såg dagens lys i 2024, og som både Drivacupen og TodalsCupen var ein del av.
Erfaringane frå 2024 krevde endringar
Erfaringane Fotballgruppa i Surnadal IL gjorde i 2024, var at å arrangere Drivacupen same helg som det var konsertar og utearrangement i samband med Midtsommar i Surnadal var utfordrande både med tanke på å få med frivillige og ikkje minst fotballag.
Med bakgrunn i dette tok leiar i Fotballgruppa, Jostein Kvendset, i mars kontakt med Todalen IL og leiar Elinor Bolme for å sondere litt med tanke på å finne ny helg for Drivacupen.
- Elinor og Todalen IL responderte raskt på sonderinga vår, og sa seg villige til å flytte TodalsCupen til laurdag den 5. juli, slik at vi kunne arrangere Drivacupen laurdagn før, den 28. juni, seier Jostein.
Han rosar Elinor og Todalen IL for å vere både fleksible og lysningsorienterte.
Samtalane mellom dei to klubbane resulterte altså i at både Drivacupen og TodalsCupen i år, blir ei helg seinare. Vi håper og trur at dette blir ei god løysing var Elinor og Jostein samde om.
Tysdag kveld var dei to arrangørane samla til felles pressetreff i klubbhuset til Surnadal IL på Syltøran. Her presenterte dei to laga sine cupar og oppfordra samtidig alle klubbar som har lyst til å vere med på cup, om å melde seg på så raskt som mogle!

Drivacup med samarbeidspartnarane på stands
Drivacupen blir altså arrangert på Syltøran stadion laurdag 28. juni, og cupen er for alle lag i klassane frå J/G 6 til og med J/G 11. Det blir lagt opp til både reine jente- og guteklassar, samt miks.