Engelsk og nordmørsk:

Fargerike profilar
Skildring av fem sterke personar blir søndagens biletkåseri på museet i Bøfjorden. Kven var Jim Musters, Guro Grøtan, Kristen Staknes, «Erk Lånn’» og «Jo Sengen»?
Mange enkeltmenneske fortener å bli hugsa. Historielaget lovar denne gong livshistorier i alle nyansar: Eksotiske stamtavler og høgspent dramatikk. Gripande tapperhet trass tung lagnad. Friskt og fyndig sjømannsliv, mystikk og overtru i rikt mål.
Musters – meir enn Vaulen
Jim Chaworth-Musters var ikkje berre eigar av markagarden Vaulen, men naturforskar, krigsoffiser og berar av ei imponerande engelsk slektshistorie.

Landets eldste
Guro Grøtan i Settemsdalen var i si tid landets eldste kvinne og ei personleghet utan sidestykke. Livshistoria er både rørande og humørfylt.

Kvifor «Sengen»?
Kvifor vart forkynnaren og salmediktaren John Tørseth (1810-1885) frå Rindalen kalla for «Jo Sengen»? Svaret er eit uvanleg sterkt kapittel lokalkultur.

Sjømenn, fyndord og mystikk
Anekdotene etter kystseglaren Kristen Staknes er mangfaldige. Besøkande vil garantert få bruke lattermusklane over hans replikkar og fyndord!

Også Erich Olssøn Heggem (1759-1843, han «Erk Lånn») var sjømann, men er hugsa mest fordi han påståeleg kunne trylle med regler frå sjølvaste «Svartboka»!

Ein temadag spekka med fantastiske historier. Og det aller meste er sant!
ANNONSE:
