ANNONSE:
Fiskarliv på museet
Med tema «Snurpefiske» fokuserer Bøfjorden Sjøbruksmuseum denne søndagen fullt og heilt på nettopp sjøbruk.
På heile Nordmøre har fiske vore ein livsviktig næringsveg. Snurpeflåten med sin gullalder på 1950-talet skapte ein velstand vi ikkje kan glømme.
Kjende Averøy-båtar
Søndag vil Magne Norman Otterlei, assistert av Olav Otterlei og Charles Leite, halde biletkåseri om Averøy-snurparane «Veslegut», «Møre» og «Anna O». Dette er kunnskap om vår felles livshistorie.
Fartymodellar
Dei viser også eigne modellar av kjente farty og såleis følgje opp den flotte temadagen dei hadde på museet i fjor.
Lokalt mannskap
På «Veslegut», «Møre» og «Anna O» var mykje mannskap frå Bøfjorden og nabobygdene. Slik gir programmet både gjenkjenning og dokumentasjon av historia om silda - «havets sølv».
Sølvsild – og kaffe
Kvar av dei nemnte båtane representerer mykje spennande historie og utvikling. Kva betydde ringnota? Kva var «Sølvsilda»? Og mange profilar blant fiskarar og skipsbefal blir trekte fram – mens duften av kaffe frå byssa (nei, kjøkenet!) fyller salen.