Kortreist i Todalen: Folketone­gudsteneste

Lokal musikk pregar gudstenesta når Torbjørn Brøske søndag takkar av som vikarprest. «Folketonemesse frå Todalen» ber hovudledda i liturgien.

Denne «Missa Todalensis» byggjer på folkesalmetonar etter Tomina Husby og Ane Husby og feleslåttar etter spellmannen Hallvard Ørsal. Til vakre og spenstige todalstonar har så Bernt Bøe laga kormelodiar over dei fem vanlege messeledda. Messa vart komponert til 150-årsjubileet for Todalen kyrkje i 2011.

Springdans som «Gloria»

Tove Strand og Bernt Bøe spelar folkemelodiane på fløyte og piano. Koret P17 legg messeledda oppå. Eksempelvis får Kyrie tonefølgje av «Mit Hjerte altid vanker». Gloria kling til spenstige Ørsal-slåttar, den eine stilisert dans, som uttrykk for «Ære vere Gud».

Men «Folketonemesse frå Todalen» er ikkje underhaldning og gammeldans! Musikken er først og fremst tilpassa innhaldet i gudstenesteledda.

Tomina Husby song to av desse vakre folketonane til Edvard Bræin for over 90 år sia.
Tomina Husby song to av desse vakre folketonane til Edvard Bræin for over 90 år sia.
To springarar og ein gangar etter Hallvard Ørsal er bruka i satsane Gloria og Sanctus.
To springarar og ein gangar etter Hallvard Ørsal er bruka i satsane Gloria og Sanctus.
Aktørar: Einar Husby, Liv Marit Polden, Bernt Bøe, Borghild Talgø og John Moe er blant aktørane når tonar etter Hallvard Ørsal og Tomina Husby blir gudstenestemusikk søndag.
Aktørar: Einar Husby, Liv Marit Polden, Bernt Bøe, Borghild Talgø og John Moe er blant aktørane når tonar etter Hallvard Ørsal og Tomina Husby blir gudstenestemusikk søndag.

Folketonar i heile gudstenesta

All salmesong brukar folketonar - fleire frå Nordmøre. Torbjørn Brøske har forma nattverdliturgien som vekselsong med kyrkjelyden - til tonen «Kling no, Klokka».

Han har denne søndagen si (hittil) siste gudsteneste i Todalen etter vinterens vikarteneste i prestegjeldet.

I døra: Torbjørn Brøske står bokstaveleg i døra og avsluttar sitt vikariat i Todalen denne søndagen. Men kanskje held han døra på gløtt?
I døra: Torbjørn Brøske står bokstaveleg i døra og avsluttar sitt vikariat i Todalen denne søndagen. Men kanskje held han døra på gløtt?

Attåt hans preike og organisten si Folketonemesse er det vanleg dåp, lesetekster, nattverd og takkoffer.

Og soknerådet har kyrkjekaffen klar når siste strofe av «Missa Todalensis» har tona ut.

Powered by Labrador CMS