ANNONSE:

Ei lita, gammel kirke.
Mo kyrkje

Musikkandakt/Gudsteneste i Mo kyrkje

Søndag er det Allehelgenssøndag. Dette er ein dag kor vi på særleg vis minnes dei av vore vener og kjære som er døde. Mange tenner lys på gravene og lys i heimane. I kyrkja har det etter kvart vorte tradisjon denne søndagen særleg å minnast dei som er døde det siste året (sidan forrige allehelgensdag) med å lesa opp namna deira og tenne lys i gudstenesta. Dette er ein fin tradisjon, men prest Torbjørn Brøske understrekar at alle dei som kjenner på sorg og saknad etter ein kjær, anten dødsfallet var nyleg eller for lenge sidan, er like velkomne til kyrkja.
Dagen er dei levandes dag, liturgisk farge er kvitt (!), det er godt å kjenne på fellesskapet både med dei døde - og dei som vi gledeleg vis framleis lever saman med.

Gudstenesta i Mo er annonsert som Musikkandakt. Det vert ein kort liturgi, salmer, skriftlesing, bøn og ein liten andakt. Og så ei minnestund og tenning av lys for dei 5 som døde siste året.
Vi kan lytte til meditativ musikk frå orgeletPrest søndag er Torbjørn Brøske. Ved orgelet sit Oddveig Helset Halle. 

Etter gudstenesta vert det kyrkjekaffe, og alle er hjarteleg velkomne.

Powered by Labrador CMS