Eli & Oles Adventskalender

Tupptauser på Bollen med utsikt nedover Surnadalen.

Svar Luke 4

Desse Trolltausene er ved toppen av Bollen, eit fjell som ligg nedst i Vindøldalen.

Publisert Sist oppdatert
Her er tupptausene ved varden og masta på Bollen med utsikt innover Vindøldalen.
Boll og Bøllu

Av dei livåte og trollåte småtrolla Boll og Bøllu, så har Boll namnet sitt frå Bollen. Bøllu har sjølvsagt namn etter elva Bøllu, som kjem frå Bølluvatna og er sideelv til Surna. Trolltausene var småtroll og livåt også den tida dei var på Småtrollvøkku i Rindal.

Desse småtrolla dukkar opp i boka iTrollheimen som Rindalsfirmaet iTrollheimen gav ut i haust.

Meir nedafor!

Vinnarar av premiar i Luke 4:

Gave: Et sett Georg Jensen lysestaker
Givar: Pipelife Norge AS
Vinnar: Ingrid Pedersen

Gave: Gavekort på 300 kroner, uttak av adventskrans/gravkrans hos Hageland Surnadal.
Givar: Surnadal & Rindal Begravelsesbyrå
Vinnar: Bjørn Kvendset

Det var 64 som sendte inn forslag denne gangen. Av disse var det 42 som hadde rett svar.

Tupptausene på veg til Bollen, i bakgrunnen sjer vi Honnstadknyken og vi masta på Bollen. Tupptausene er Siv Bakken, Aud Gunvor Helgetun, Ingrid Glåmen og Kari Mette Skjølsvold.
Bollen sett fra Vindøldalen, på veg opp til toppen går stien forbi mange hytter.
På tur ned frå Bollen og ned i Vindøldalen går stien eit stykke etter turistlina mellom Sætersetra og Vindølbu.

Kommentarar:

iTrollheimen

I Helgetunmarka er det ein fin inngangsport til Trollheimen. Der ved Langvatnet har opplevelsesfirmaet iTrollheimen basen sin. Vi finn to store lavvoar som er samanbygde. Inne er det fullt utstyrt kjøken og god plass til folk. I tillegg er det eige servicebygg med toalett, og nede ved vatnet ligg ein av gapahukane til Rindal ILs turstigruppe.

Bak heile etableringa ligg trolla og Trollheimen som blir meir og meir synlege hos iTrollheimen. I haust kom boka “iTrollheimen” med opplysande tekst, og med QR-koder som du kan skanne deg til songar om trolla, og der blir vi kjende med Boll og Bøllu.

Trollheimsporten hadde denne reportasjen frå boklanseringa: https://www.trollheimsporten.no/helgetunmarka-itrollheimen-rindalsnytt/troll-i-ord-og-tonar/201292

Frå Rindalshuset då Åse Børset og Gøran Bolme presenterte sin funn om snåtrolla Boll og Bøllu.
Medan Boll har navn etter Bollen i Vindøldalen, har den kliss ulike tvillingbroren Bøllu navn elva Bølu og Bøluvatna som ligg mellom Ora og Bolmtrollhøtta

Kryssing av vadet mellom Bøluvatna. Dette er bilde frå jubileumsmarsjen til Turstigruppa frå Liagarden over Glupen til Langlimarka i Rindal

under Kulturvøkku i 2007.l

Tupptausene svever over Bollen og Surnadalen. Ei stund var det populært å ta hoppebilder, heldigvis har den trenden gått over. Eller har det kanskje noe med alderen til "utpåturvennene" å gjere? Her vart sjølvutlausar-funksjonen bruka, så det skulle litt til for å synkronisera hoppa vår.
Powered by Labrador CMS