Eli & Oles Adventskalender

Dønnem bedehus ved Åmot med Sandfjellet .

Luke 24, og svar Luke 23

I dag er vi komme fram til dagen som ender med kvelden som vi har venta på - det er sjølvaste julekvelden! Da er det ingen spørsmål igjen, berre svar, og alle får gaver!

Publisert Sist oppdatert

Siste svaret i denne Adventskalenderen er altså Dønnem bedehus som ligg ved Åmot, rett over Surna der Folda kjem få Folddalen.

Vinnarar av premiar i Luke 23:

Gave: HJH Tømrar/snekker for ein dag (7 timar), inntil 40 km fra Skei sentrum
Givar: HJH Bygg AS
Vinnar:
Gjermund Nygård

Gave: Truger frå Sport1 Rindal
Givar: LW Entreprenør AS
Vinnar:
Morten Svinsås

Gave: Søndagsbuffet for 2 på Hammerstuene
Givar: Hammerstuene
Vinnar:
Eliska Bøe

Kommentarar:

Dette må være Dønnem bedehus i Øvre Surnadal. Bedhuset ligger på Nordsiden av elva Surna, like ved brua på Åmot som går over elva. - Erik Øien

Svaret på dagens luke er Dønnem bedehus.Bedehuset var 100 år ifjor. Vi håper på å få meir aktivitet på huset, og til det treng vi dugnadshjelp 😀 - Ragna Dalseg Meisingset

Dette er Dønnem bedehus som ligg i nabolaget til Gøran Bolme og der han har skreve sangen om jul i Dønnem bedehus. -Anna Ingeborg Nordvik

Finaste julesongen jeg har hørt er skrevet av Gøran Bolme -Jul i Dønheim bedehus🎄💫 God Jul til Ole og Eli🎄💃 - Lisbeth E Halgunset

Denne gongen var det 87 rette svar.

Dønnem bedehus

Frå adventsstund i Dønnem bedehus 2017

Gøran Bolme har levandegjort stemninga i sin song som heiter Jul i Dønnem bedehus. Sjøl vi som aldri har vore inne i Dønnem bedehus, kan kjenne oss att i teksta, sjøl om vi ikkje kjenner alle dei som blir omtalt, kjenner vi att stemninga.

Vi deler denne lokale julevisa - med godkjenning frå opphavsmannen Gøran Bolme. Her får du teksta på songen og lenger ned ligg det ein link til ein video der Gøran søng og du får glimt fra stemninga i bedehuset.

Loddgavane ligg klare, kanskje ligg det ein litin hekladuk inni en tå dæm.

Jul i Dønnem bedehus

Tekst og melodi: Gøran Bolme

Ta jultreet mått vårrå det stæst e vern.
Ei forsenka helsing til Ragna Meisingset som fylte 80 år i desember. Ho er sentral i videoen nede i denne artikkelen.

E he goe barndomsminne frå æn littinj plass på jord.
Sjøl om plassen va lit littinj, så va minnja allvæg stor.
Æn gång kvar enda åre va de jultrefæst e greinj,
Å de va ingkvart vi ha gledd åss te kjøle lenj.

Ti finskjort å me lakksko gikk vi målbestæmt å fort.
Ho mor bar på nå julbrø å æn loddgave me kort.
Nemme svengen attme ælva låg æi stu me rim på glase.
E sjtimt så vidt eitj jultre å æn raulett dønnynjnase.

Ref.
Å ho Magnild Bun ho spælla opp te ”vi synger julekvad”
Ho spælla ingkvannj fæln i ny å ne
Ho Ragna sto så stasla å ferkynnjt åss julefre
Julevangelie vart lesse opp å æn oinnje tent eittj lys
Da va de jul i Dønnem bedehus.

De va folk roinjt alle bora å jultree va tent
De va kaffeslurp å slafs, mea salmbøkern vart sendt
Vi sång om jesusbane, vise menn å allj sa dyra
E va sekker på e lokta både goillj, rækels å myrra
Så sto turn ferr bedhusonganj, så skoillj søng å tenj nå lys
Ho bæssmor satt strategisk attme ovn, så slåpp ho frys
Ho Ingrid Dønnynjstøggu å May Bakkli satt der me
Der ha dæm sittje i allje år, å vesst nøyakti kva så skoillj skje.

Ref.

Vi gikk roinjt juletree hanj Ivar sång opp åt dæm flæst
Vi hilt ti hennj åt kvarrar i tri renga på de mæst
Ta jultree mått varra tå dæm stæst så va e vern
Me jultrekulå glitter nårske flagg å øvst æi stjern.
Te slutt så va de trækning, tå lodda så vi kjøft
De va alljvæg dæm frå Fiskjta så stakk av me alljt de tøfft

Men e kjæm hæg de æn åre da e va heldi gut
E vanj på gul lapp 14, æn littinj hækkladuk

Ref.

Jesusbane, vise menn å allj sa dyra.
Julbrø.
Stjerna som viste veg.

Førjulstemning i Rindal Kirke

Kor Gøttj og Vox i Rindal kirke

Etter kvart som julekvelden nærma seg, fekk vi oppleve fleire julekonsertar i år også. Du kan lese om desse konsertane og fleire andre på Trollheimsporten!

Jul i hæmbøgda mi, av og med Jo Sverre
Øyvind Smidt, Marit Løfaldli, Ingrid Storlimo og Ronny Kjøsen skapte julestemning i Øvre Rindal kapell.
Onsdag song rindalsmusikarane jula inn!

Med dette takkar vi for opplevingar rundt og på kryss og tvers i Trollheimen i lag her på Trollheimsporten og ønsker dokk alle ei riktig fin julehelg!

Helsing
Eli og Ole

Katten Nova heime hos Eli har vanskeleg for å halde seg unna julepynten.
Powered by Labrador CMS