ANNONSE:

17. mai 2020 i Surnadal

Korps og krom på 17. mai

Dette blir også ein annleis 17. mai i år – der nye tradisjonar må steppe inn når dei tradisjonelle toga ikkje kan gå, slik som i nedre Surnadal:

Spektakulær kortesje

Suksessen frå i fjor blir gjentatt! Årets «17. mai-tog» i Nedre Surnadal blir ein spektakulær kortesje av ymse kjøretøy.

Veteranvognklubben, Surnadal AmCar Club, Nordmøre Gatebilklubb og Surnadal MC-klubb kan love at feiringa av nasjonaldagen blir av det blankpolerte slaget! Med seg har dei fått brannvesen, ambulanse, Røde Kors og russen – samt alle andre som vil henge seg på!

Kortesjen startar på Øye kl. 13.30, glir så mot Kalkstranda, kor dei snur og turnerer så denne ruta vidare: Industrivegen, Øra, Grytvegen, Modalan, Skeivegen, Bårdshaugvegen om Surnadal Sjukeheim, Moavegen og så ned Skeivegen igjen før dei avsluttar kortesjen på Alti Surnadal.

Arrangørane ber alle som vil nyte dette buktande feststemte toget av metallic og krom om å gjera det langsmed ruta, da ein av smittevernomsyn må unngå store folkesamlingar.

Aldri ein 17. mai utan korpsmusikk!

Smittevernkrava seier altså at ein ikkje kan samle fleire enn 200 ute, og ein må ha minst ein meter avstand til dei du ikkje er i "kohort" med.

Det gjer det (for) vanskeleg å arrangere vanlege 17. mai-tog, og da spesielt for nedre Surnadal.

Men om korpsa ikkje kan samle ein folkehop attafor seg i tog, går det fint å stille seg opp å høre på korpsa når dei passerer, eller stoppar, så lenge ein altså ikkje blir for mange.

MO SKULEKORPS vil spele ved Røv Mølle etter at biltoget har kome fram dit. Biltoget startar ved Mo-skulen kl. 10, køyrer oppover Nordsida, kryssar over Dønnem bru og køyrer så til Røv – i eit passande "søndagstur-tempo".

SURNADAL SKOLEKORPS vil marsjere frå Grimsmokrysset kl. 13, opp miljøgata, via Bårdshaugen, til sjukeheimen, og etter ein innlagt konsert der marsjerer dei vidare til kulturhuset. Så still dykk opp på ruta korpset går og stem i med livlege hurra-rop! Og om de ser ein liten hale etter korpset, så er det berre nokre av dei føresette som "henger seg på" gjennom turen.

SURNADAL HORNMUSIKK vil spele saman med skulekorpset ved sjukeheimen kl. 13.30.

Powered by Labrador CMS