Elinor Bolme og Torkjell Ansnes Moe

BH-festival i Todalen

Du kan finne mange ulike festivalar, men det er truleg berre i Todalen dei har BH-festival. Festivalen har, diverre for nokon, ingenting med BH-ar å gjere, men kjem av namnet Bekkerhagen.

Publisert Sist oppdatert

BH-festivalen er ein festival som berre har ei målsetting - å ha det triveleg i lag.

19. august brakar det laus.

Er du usikker på om dette er ein festival for deg, har Elinor Bolme skrive ei liste. Nikkar du til eit av desse punkta er du i målgruppa.

  • Du har budd i Bekkerhagan
  • Du kjenner nokon som bur i Bekkerhagan
  • Du kunne tenkt deg å bu i Bekkerhagan

Trollheimsporten tok seg ein prat med primus motor Ellinor Bolme.

Korleis kom de på å arrangere BH-festivalen?

–I 2016 arrangerte vi eit sommararrangement i grenda. Vi er seks husstandar som er registrert som Bekkerhagan Vel. Dette vart så vellykka at vi tenkte å få vidareført dette årleg. Men ikkje alt blir som planlagt, og eg og Torkjel Ansnes Moe som vart utpekt som ansvarlege har fått litt tyn for dette sia. Difor har vi i «smug» jobba iherdig med dette no dei siste vekene

Bekkerhagan leikeplass

Er det å kalle det BH-festivalen eit markedsføringstriks?

–Ja, det må vel seiast å vera det. Vi likar å få til ein snakkis i bygda i ny og ne, men grunnen er vel innlysande, sia det er BekkerHagan Vel som er arrangør. Korleis ein vel å tolke det blir opp til den enkelte.

Har de laga eit program, kva skal føregå?

–Vi inviterer til eit enkelt arrangement kor Bekkerhagan Vel stiller med varme grillar, og med utstyr til å ete av og med. Den enkelte tek kun med seg det ein sjølv vil ete og drikke. Det blir bålkaffe og noko godt til kaffen.

–Etterpå kjem eit lokalkjent band til å entre arenaen for litt underhaldning. Dette er sjølvaste The Invalidos som hadde opptreden i Vindøldalen i helga. Dei har som kjent fleire todalingar i bandet og kjem mannsterke.

Powered by Labrador CMS