Norgescup i freeski

Kristian Alexander, Martin og Alfred i Kirkerudbakken.

Tre SIL-gutar med gode resultat i norgescup-renn på Austlandet

-varierande forhold, men fin framgang

Publisert Sist oppdatert

I helga har det vore arrangert to rundar med norgescup i freeski, ein i Wyller-bakken, arrangert av IL Heming og ein i Krirkerudbakken i Bærum. Begge i greina Big Air. Frå Surnadal IL deltok Kristian Alexander Fjelnset, Martin Sørlie og Alfred Blomstrand Harang. I norgescupen er det åtte rundar, fire i Slopestyle og fire i Big Air. No er dei halvvegs. Om to veker er det klart for Vassfjellet og Ålen, før det heile blir avslutta i Trysil siste helga i mars. Gutane melder frå baksetet på tur heim at det har vore superkjekt, og at dei gler seg til dei neste gongane. Forholda har berre vore sånn halvpasseleg. Anlegga har vore fine med gode hoppar, men det har vore mykje vind, sukkersnø og harde landingar. Litt tung dag i går, på grunn av forholda, men dei backa kvarandre opp og dro til og gjorde det absolutt beste ut av det i dag. Alfred trenar ikkje saman med dei andre fast for tida, da han går på toppidrettsgymnaset på Lillehammer. Det er godt samhald blandt gutane, og det er kjekt å konkurrere i lag. Alfred kjem oppover saman med dei han går på skule med, som alle deltek.

Gutane har utfordra seg sjølve og prøvde på litt nye triks. Alfred har gjort switch dub 9, men var litt uheldig med landingane. Kristian og Martin har køyrd cork 7 med glans. Kristian gjorde eit forsøk på cork 9, men kom ikkje heilt rund så mange gongar.

Halvor Drøpping, primus motor i freeskigruppa, er imponert over framgangen til gutane. Dette er tøft!

Resultat Wyller:

-Kristian: 54 p (28. plass)

-Martin: 43,7 p (40. plass)

-Alfred: 42, 3 p (42. plass)

Resultat Kirkerud:

-Alfred: 72 p (14. plass)

-Martin: 57 p (24. plass)

-Kristian Alexander: 52 p (29. plass)

Powered by Labrador CMS