ANNONSE:

Illustrasjonsfoto.

«Sjølvplukk» i Todalen

Kombinasjonsbiblioteket i Todalen vart lagt ned etter at skulen flytta til Evenshaugen. Måndag 31. oktober kl 17–20 blir det (gratis) sjølvplukk av bøker og hyller/reolar.

Kven som helst kan altså møte og sjå om det er noko dei kan ha interesse av, sjølvsagt med unnatak av det som andre eig – som «Halsesamlinga».

Ein vil nok tru at det aller meste av det som blir att etter måndagen vil bli kassert, så det er berre å la tvilen kome boka til gode og heller ta med ei ekstra heim enn motsett.

Powered by Labrador CMS