Mo skulekops med "hjelpekorpset", og dirigent Nora Sissel Gulbrandsen Holten

Korpsmusikk og basarsøg

Søndag ettermiddag arrangerte Mo skulekorps kaffekonsert på Mo oppvekstsenter. - Så godt å møtast utan koronarestriksjonar, sa leiar i korpset, Elin Moen Lysø.

Publisert

Endeleg fekk korpset arrangere konsert. Det har vore harde år for korpset som i fleire rundar ikkje kunne øvd saman, og ikkje har dei hatt konsertar innomhus. No ser det lysare ut, og korpset gler seg på 17. mai.

På Mo oppvekstsenter var det godt oppmøte. Fleire kommenterte at det var godt å høyre skikkeleg basarsøg igjen. Det var kaffelag, quiz, revyinnslag og loddtrekning. I tillegg til musikk frå korpset, var det også innslag frå kulturskuleelevar.

Eiri Lysø og Hedda Moen Gjerstad spelte ein nydeleg song firhendig
Ole Hognestad og Silje Beate Gulbrandsen Holten
Julie Theonore Bævre kosa seg på konsert med mamma og pappa
Herleg kakebord
Det er ikkje enkelt i lyskrysset på Åmot åt desse to, Kristian Nerland og Trond Ivar Fiske Pedersen
Torbjørn Larsen saman med nokre av kulturskuleelevane sine
Quiz, Maja Lervik Fiske hadde kontroll på traktormerka
Eiri Lysø vann hovudgevinsten

.

Powered by Labrador CMS