Sigrid Vetleseter Bøe formidlar «Julverset» frå Stangvik via Åsskard-kyrkja til det store utlandet.
Sigrid Vetleseter Bøe formidlar «Julverset» frå Stangvik via Åsskard-kyrkja til det store utlandet.

«Julverset» til Berlin

På årets julaftan vil «Julverset» frå Stangvik klinge i den digitale gudstenesta frå Sjømannskyrkja i Berlin. Søndag var operasongar Sigrid Vetleseter Bøe i si heimbygds kyrkje i Åsskard og gjorde fimopptak av den vakre folketonen.

Sigrid er glad for at Sjømannskyrkja bestilte dette innslaget til årets julemesse, som må sendast via nett på grunn av dei innskjerpa smitteverntiltaka i Tyskland.

– Dette er min kjæraste julesong, ei lokal perle som eg har vakse opp med, sier ho.

– Eg bidrar gjerne til at den blir presentert også i Berlin og Tyskland!

Har jobba i Sjømannskyrkja

Sigrid og mannen Erik Rosenius har siste halvåret vore engasjerte i Sjømannskyrkja i Berlin. Ho har vore musikalsk medarbeidar medan Erik, med utdanning som både operasongar og organist, har hatt kantorfunksjon i kyrkjelyden som samlar folk frå mange nasjonar i den tyske storbyen.

«Czardasfyrstinnen» i Kristiansund

Parallelt med innstudering av nye songroller har Sigrid sia starten av november arbeidd frå heimekontor i Bøfjorden. I februar er ho å finne på Kristiansundsoperaen. Der syng ho tittelrolla Sylva Varescu i Kalmans «Czardasfyrstinnen». Det er sett opp 9 forestillingar av operaen som startar med premiere 4. februar. Men forholda denne gongen inneber sterkt begrensa publikumstal. - Alle billettane forvann på ein time, fortel czardas-fyrstinna frå Bøfjorden!

Til Stockholm

På nyåret flyttar Sigrid, Erik og dottera Augusta (3) til Stockholm, der dei har kjøpt seg bustad. For Erik blir det å «flytte heim» - og til ny jobb ved Stockholmsoperaen.

I søndagens opptak av «Julverset» hadde Sigrid tonefølgje av pappa Bernt på orgelet i Åsskard-kyrkja. Slik blir den vakre nordmørske juletonen å høre og sjå i nettsendinga frå Sjømannskyrkja på sjølvaste høgtidskvelden.