Surnadal kommune melder:

Gjev bort og sel diverse utstyr frå barneskulen

Til innbyggarar i Surnadal kommune

I anledning byggearbeidet ved Øye barne- og ungdomsskule, skal blåbygget og delar av gulbygget rivast.

Alt av inventar må ryddast ut før riving, og det skulane treng blir teke vare på i innan kl. 14.00 tysdag 22. juni.

Men det er ein del utstyr, møblar, høvelbenkar, sløydutstyr etc som skulane ikkje treng, og da er du som innbyggar velkomen tysdag 22. juni kl. 14.00 – 18.00 for å sjå om noko kan vera av interesse.

Det aller meste vil vera gratis, men høvelbenkane er satt til ein pris på kr. 200,- pr. stk.

Powered by Labrador CMS