ANNONSE:

Kyrkjelydshuset på Skei

Formiddagsmøte på Kyrkjelydshuset

Formiddagsmøte på Surnadal kyrkjelydshus søndag 6.desember kl 11.00.

I fleire år har det vore tradisjon med gudstenestlege møte på Kyrkjelydshuset dei søndagene det ikkje er gudsteneste i Surnadal prestegjeld (Ranes, Øye og Mo kyrkjer).

Desse samlingane har enkel liturgi med dei viktigaste gudstenesteledd, salmesong og preike over dagens tekst, men med friare form og misjonsinformasjon. Ansvaret for desse samlingane på skift er dei tre største misjonsorganisasjonane i bygda, Det Norske Misjonsselskap, Norsk Luthersk Misjonssamband og Normisjon.

Førstkomande søndag er det Normisjon som har ansvaret. Leiing ved Sverre Hatle og preike ved Bjørn Hovde. Gåve til Normisjon.

Smittevernomsyn blir sjølvsagt ivareteke. Opptrykte songar. Velkomne!

Powered by Labrador CMS