Ei forandring med meining
Vilje og Maria vil donere håret sitt til eit godt formål. Håret dei donerer blir til parykkar til menneske som av ulike årsaker har mista håret. Maria donerte håret for to år sia, og no var håret vorte langt nok til å gjere det igjen. Denne gongen ville også søskenbarnet Vilje vera med.
Toril Moe på frisørsalongen Kløpper'n tykkjer det er koseleg å få besøk av dei to gromme, langhåra jentene.
Kven er det som donerer hår?
- Alle med langt nok hår kan donere. Håret som blir sendt inn må vera mist 25 cm langt, og så er det sjølvsagt best at håret er forholdsvis friskt, og ikkje vore gjennom fleire kjemiske behandlingar som bleiking, farging og liknande, fortel Toril. Om det er vi eller donoren sjølv som sender inn håret er opp til donoren sjølv, men det er vanlegvis vi på salongen som gjer det.
Mange treng parykk
Toril fortel at Kløppar’n pleier å sende håret til Apollo Hårsenter Kristiansund.
Korleis blir håret til ein parykk?
- Prosessen håret skal igjennom er eg usikker på, men eg trur det blir vaska, bleika og farga, slik at parykken får den fargen og lengda som kunden ynskjer, seier Toril.
- Det er fleire grunner til at folk treng parykk. Dersom ein har hårsjukdommen alopecia areata får ein flekkvis eller totalt håravfall, mange vel da å bruke parykk, forklarer Toril. Kreftbehandling kan òg føre til hårtap.
Hårdugnad
Jentene som klipper håret smiler i frisørstolen. Å få kortare hår er berre stas, spesielt når dei veit kva hårlokkane vil bli bruka til.
- Eg lurer litt på kven som får håret mitt, seier Maria.
Begge tykkjer det er fint å hjelpe folk som treng parykk.
Da dei begge er ferdig med å klippe seg får dei ein diplom frå Apollo Hårsenter. På den står det: «Takk for at du valgte en forandring med mening. Ved å delta i vår hårdugnad gir du noen som har mistet håret muligheten til å få flott hår igjen. Det betyr mer enn du tror! Takk for bidraget!»